Akademiet Bergen

Koordinatar: 60°23′15″N 5°19′53″E

Akademiet Bergen er ein privat vidaregåande skule i Bergen. Skulen starta opp i 2004 og har omlag 120 elevar (2016). Skulen er ein del av Akademiet, den største private skulekjeda i Noreg,[1] med skular i Bergen, Drammen, Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Molde, Sandnes, Trondheim og Ålesund.[2]

Akademiet Bergen
MottoFor deg som vil litt mer
SkuletypeVidaregåande skule
Grunnlagd2004
FylkeVestland
KommuneBergen
AdresseJohannes Bruns gate 12
5008 Bergen
RektorRita Hatlestad
Elevar120
Nettstadwww.akademiet.no/Vgs/Skolesteder/Bergen.aspx
Kart
Akademiet Bergen
60°23′15″ N 5°19′53″ E

PlasseringEndra

Ved skipinga i 2004 heldt skulen til i Fabrikkgata. Han held så til i Lars Hilles gate 17 i fleire år og blir frå hausten 2017 å finne i Johannes Bruns gate 12.

OpplæringstilbodEndra

Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde:

Påbygg til generell studiekompetanseEndra

Dette utdanningsprogrammet skal gi studentar generell studiekompetanse etter fyrst å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregåande trinn 2. Faga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til eitt programfag.[3]

StudiespesialiseringEndra

Dette utdanningsprogrammet[4] skal førebu elevane for vidare studier ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.

I Vidaregåande trinn 1 er utdanningsprogrammet likt ved alle skular (bortsett frå fellesfaga framandspråk og matematikk), og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag.[5] Akademiet Drammen tilbyr framandspråka engelsk, fransk, tysk og spansk. Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På begge trinna vel ein 3 programfag der minst 2 må vere innanfor eit valt programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fellesfaga på det andre trinnet er framandspråk, historie, kroppsøving, matematikk og norsk,[6] og på det tredje trinnet historie, kroppsøving, norsk og religion.[7]

PrivatistundervisingEndra

Akademiet Privatistskole tilbyr undervising for privatistar. Undervisinga er på både dagtid og kveldstid,[8] og er skilt frå øvrige opplæringstilbod. Akademiet tilbyr faga biologi, fysikk, engelsk, historie, kjemi, kroppsøving, matematikk, medie- og informasjonskunnskap, naturfag, norsk og samfunnsfag.[9]

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra