Akademiet Drammen
Akademiet Drammen er ein privat vidaregåande skule i Drammen. Skulen starta opp i 2005 og har 300 elevar. Skulen er ein del av Akademiet, den største private skulekjeden i Noreg,[1] med 11 skular[treng kjelde] i Drammen, Fredrikstad, Kristiansand, Oslo, Molde, Sandnes, Stavanger og Ålesund.[2]
Akademiet Drammen | |
| |
Foto: Petter Ulleland | |
Motto | For deg som vil litt mer |
---|---|
Skuletype | Vidaregåande skule |
Grunnlagd | 2005 |
Fylke | Viken |
Kommune | Drammen |
Adresse | Skogliveien 4 3047 Drammen |
Rektor | Hilde Dramdal |
Elevar | 300 |
![]() Akademiet Drammen |
Akademiet Drammen scora frå 2011 til 2019 høgst på elevundersøkinga til Utdanningsdirektoratet,[treng kjelde] og vart i følgje denne undersøkinga den beste vidaregåande skulen i landet.[3][4] I følgje tall frå Utdanningsdirektoratet får elevane ved skulen jamt over høge karakterar til standpunkt og eksamen.[5] Skulen har høge søkjartal og difor særs høgt karaktersnitt for opptak.[6][7]
Plassering Endra
Ved skipinga i 2005 heldt skulen til på Landfalløya. I 2008 flytta skulen til lokaler i Skogliveien 4, ved Sundland næringspark i Drammen, ca. 1,5 km frå Strømsø sentrum og Marienlyst Stadion. Det er her dei no held til.
Opplæringstilbod Endra
Skulen tilbyr følgjande utdanningsprogram og programområde:
- Program for media og kommunikasjon.
- Program for påbygging til generell studiekompetanse.
- Program for studiespesialisering.
- Privatistundervising.
Medier og kommunikasjon Endra
Dette utdanningsprogrammet[8] gir studenten generell studiekompetanse, men er yrkesretta med tanke på seinare jobb innanfor avis, TV, radio, web, reklame eller grafisk design.
Vidaregåande trinn 1 består av programfaga mediedesign og medieuttrykk, mediekommunikasjon og medieproduksjon, i tillegg til fellesfaga engelsk, kroppsøving, matematikk og norsk.[9] Vidaregåande trinn 2 består av dei same programfaga i tillegg til fellesfaga engelsk, kroppsøving, norsk og samfunnsfag.[10] Vidaregåande trinn 3 består av det felles mediefaget medier og kommunikasjon og dei valfrie programfaga bilete, tekst eller lyd, i tillegg til fellesfaga historie, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk.[11][12]
Påbygg til generell studiekompetanse Endra
Dette utdanningsprogrammet skal gi studentar generell studiekompetanse etter fyrst å ha hatt yrkesfagleg utdanning på Vidaregåande trinn 2. Faga er historie, kroppsøving, naturfag, norsk og matematikk, i tillegg til eitt programfag.[13]
Studiespesialisering Endra
Dette utdanningsprogrammet[14] skal førebu elevane for vidare studier ved universitet og høgskular. Med bestått vitnemål oppnår ein generell studiekompetanse.
I Vidaregåande trinn 1 er utdanningsprogrammet likt ved alle skular (bortsett frå fellesfaga framandspråk og matematikk), og inneheld faga engelsk, framandspråk, geografi, kroppsøving, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag.[15] Akademiet Drammen tilbyr framandspråka engelsk, fransk, tysk og spansk. Vidaregåande trinn 2 og 3 består av både fellesfag og programfag. På begge trinna vel ein 3 programfag der minst 2 må vere innanfor eit valt programområde: realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Fellesfaga på det andre trinnet er framandspråk, historie, kroppsøving, matematikk og norsk,[16] og på det tredje trinnet historie, kroppsøving, norsk og religion.[17]
Privatistundervising Endra
Akademiet Privatistskole starta opp hausten 2008 og tilbyr undervising for privatistar. Undervisinga er på både dagtid og kveldstid,[18] og er skilt frå øvrige opplæringstilbod. Akademiet tilbyr faga biologi, fysikk, engelsk, historie, kjemi, kroppsøving, matematikk, medie- og informasjonskunnskap, naturfag, norsk og samfunnsfag.[19]
Bilete Endra
-
«Vrimleområdet» i 1. etasje på Akademiet Drammen VGS, med resepsjon, hall og klasserom.
-
«Vrimleområdet» sett frå 2. etasje.
-
Bygg C på Sundland næringspark, der m.a. Akademiet Drammen VGS held til.
-
Gangveg mot inngangen til bygg C på Sundland.
-
Gangveg mot inngangen til bygg C på Sundland, vinter.
-
Hovedinngang til bygg C på Sundland, vinter
-
Hovedinngang til Akademiet Drammen VGS.
Kjelder Endra
- ↑ «NRK: Privatskole omgår Regjeringens privatskoleregler». 27. februar 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Akademiet.no - Om oss». 29. september 2012.
- ↑ «NRK Søndagsrevyen 23.10.11». 27. februar 2012.
- ↑ «Dagens Næringsliv 13.09.12 - Mangfold gir bedre skole.». 17. desember 2012. Arkivert frå originalen 15. mai 2014. Henta 23. januar 2013.
- ↑ «Utdanningsdirektoratet / Skoleporten - Resultater 09.06.11». 15. desember 2012.
- ↑ «NRK Østafjells: Rekordmange søkere til privat skole». 24. april 2013.
- ↑ «Høyest poengkrav på privatskole». Drammens Tidende. 4. juli 2013.
- ↑ «Udir.no: Utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon». 29. juni 2012. Arkivert frå originalen 27. januar 2013. Henta 23. januar 2013.
- ↑ «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon Vg1». 29. juni 2012.
- ↑ «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon Vg2». 29. juni 2012.
- ↑ «Udir.no: Studieforberedende Vg3 innen medier og kommunikasjon». 29. juni 2012. Arkivert frå originalen 27. januar 2013. Henta 23. januar 2013.
- ↑ «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Medier og kommunikasjon Vg3». 29. juni 2012.
- ↑ «Akademiet.no: Utdanningsprogram: Påbygging til generell studiekompetanse». 29. juni 2012.
- ↑ «Udir.no: Utdanningsprogram: Studiespesialisering». 29. juni 2012. Arkivert frå originalen 27. januar 2013. Henta 23. januar 2013.
- ↑ «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Studiespesialisering Vg1». 29. juni 2012.
- ↑ «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Studiespesialisering Vg2». 29. juni 2012.
- ↑ «Akademiet.no: Videregående utdanningsprogram: Studiespesialisering Vg3». 29. juni 2012.
- ↑ «Akademiets undervisningstilbud for privatister». 27. februar 2012.
- ↑ «Akademiet.no: Kurstyper». 29. juni 2012.