Opna hovudmenyen
Akeleie
Akeleie
Akeleie
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Akeleie Aquilegia
Art: Akeleie A. vulgaris
Vitskapleg namn
Aquilegia vulgaris

Akeleie (Aquilegia vulgaris) er ein plante i akeleieslekta i soleiefamilien. Blomane er ofte blå, men finst også i mange andre fargar frå kvitt til blått eller raudt. Dei er kjenneteikna av poseforma kronblad som ender i lange honningsporar som stikk opp mellom begerblada. Akeleie har lenge vore dyrka som kulturplante, og var tradisjonelt brukt i urtemedisin.[1] Plantane er rekna som giftige.[2]

Blad

I Noreg kan ein ha dyrka akeleie i klosterhagar sidan mellomalderen.[3] Han finst forvilla og naturalisert i berg og urer frå Sør-Noreg til Trøndelag.[1]

Avkok av akeleie har vore brukt som augedropar og mot øyreverk. Ein har nytta akeleievatn som middel mot epilepsi, medan eit avkok med vin blei drukke ved beinbrot.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Akeleie (31. januar 2013), Store norske leksikon. Fri aritkkel henta 7. februar 2014.
  2. Giftinformasjonssentralen
  3. Aquilegia vulgaris L., artsdatabanken.no. Henta 7. juni 2017.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Akeleie