Aksel Zachariassen
Aksel Zachariassen (16. november 1898–6. juli 1987) var ein norsk politikar og journalist frå Porsgrunn. I 1921 vart han vald til formann for ungdomsforbundet til Arbeidarpartiet som på same landsmøte skifta namn til Norges Kommunistiske Ungdomsforbund. I partistriden som oppstod høyrte han til mindretalet i ungdomsforbundet som ville bryte med Komintern, og han leia komiteen som førebudde grunnlegginga av Venstrekommunistisk Ungdomsfylkning.
Aksel Zachariassen | |||
| |||
Fødd | 16. november 1898 Porsgrunn | ||
---|---|---|---|
Død | 6. august 1987 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, journalist, redaktør, biograf |
Azach byrja den journalistiske karrieren sin i Bratsberg-Demokraten i Skien berre 18 år gammal og i 1924 byrja han å skrive for Arbeiderbladet. I 1929 grunnla han Haldens Arbeiderblad og var redaktør fram til 1930. Han var i eitt år redaktør for Arbeidermagasinet (seinare Magasinet for alle). I 1932 vart han redaktør for Kongsvinger Arbeiderblad, ei stilling han hadde til han vart arrestert av Gestapo i 1941, og heldt fram med etter krigen til 1946, då han vart leiar av Arbeidernes Pressekontor. Mellom 1950 og 1962 var Zachariassen sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund. Han har òg skrive fleire bøker om historia til arbeidarrørsla i Noreg og boka På talerstolen (gjeve ut på ny i 2006).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aksel Zachariassen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2010.