Al-Khader i Betlehem

(Omdirigert frå Al-Khader)

Al-Khader (arabisk الخضر) er ein palestinsk by i Betlehem guvernement sør på den sentrale Vestbreidda. Han ligg 5 km vest for Betlehem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 9 774 i 2007.[1] I området kring al-Khader vert det dyrka vindruer, oliven og fiken.[2]

Al-Khader
الخضر, al-Khadr
kommune
Austlege al-Khader og Salomodammane
Namneopphav: St. Georg-byen
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°41′33.87″N 35°09′59.1″E / 31.6927417°N 35.166417°E / 31.6927417; 35.166417
Areal 19,9 km²
Folketal 9 774  (2007)
Folketettleik 491 / km²
Borgarmeister Ramzi Salah
Kart
Al-Khader i Betlehem
31°41′34″N 35°09′59″E / 31.692741666667°N 35.166441666667°E / 31.692741666667; 35.166441666667
Wikimedia Commons: Al-Khader

Historie endre

Staden der al-Khader var først busett av kanaanittar. I 1953 vart det funne fem spydspissar frå 1000-talet fvt. med kanaanittisk inskripsjon. Inskripsjonen tyda «pila til 'Abd Labi't».[3]

Al-Khader er kallla opp etter St. Georg som i arabisk kultur vert kalla «al-Khadr.» I følgje ei lokal seg vart St. Georg sett i fengsel i byen der det noverande St. Georg-klosteret står. Kjettingane som heldt han fast vart relikviar som vart sagt å ha lækjande krefter.[4]

Seint i osmansk styre (1516-1917), var al-Khader ein del av Bani Hasan sjeikdøme og nahiyah, som art styrt av Absiyeh-familien frå al-Walaja. I 1838 vart innbyggjarane klassifisert som muslimar av den engelske bibelforskaren Edward Robinson og Eli Smith.[5] Seint på 1800-talet vart al-Khader skildra av Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine som ein mellomstor landsby med ei «gresk kyrkje og kloster.» Han var omgjeve av vindruer og olivenlundar og «gravholer hogde ut i berget» nord for landsbyen.

Etter bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda kring al-Khader, er fleire tusen mål med jordbruksjord blitt skild frå landsbyen, og landsbybuarane har ikkje tilkomst til dette området utan løyve.

Kjelder endre

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117.
  2. Al-Khader Old Core. The Centre for Cultural Heritage Preservation.
  3. Drews, Robert. (1993). The End of the Bronze Age: Changes in Warfare and the Catastrophe Ca. 1200 B.C. Princeton University Press, s.189. ISBN 0-691-02591-6.
  4. Sennott, Charles M. (2001). The Body and the Blood: The Holy Land's Christians at the Turn of a New Millennium : a Reporter's Journey[daud lenkje] PublicAffairs, s.397. ISBN 1-891620-95-9.
  5. Robinson and Smith, 1841, s. 123.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Al-Khader i Betlehem