An-Nabk
An-Nabk[1] eller Al-Nabk (arabisk النبك) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Rif Dimashq og er senteret i Qalamoun. Han ligg 81 km nord for Damaskus og sør for Homs, 1255 meter over havet I 2014 hadde han 90 000 innbyggjarar, og var dermed den 35. største byen i Syria. St. Moses abyssinaren-klosteret (Deir Mar Musa al-Habashi) ligg i Anti-Libanonfjella nær Nabk og er datert attende til minst 500-talet.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar, katolikkar og syrisk kristne.[2]
An-Nabk | |||
النبك, Al-Nabk | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Al-Nabk-distriktet | ||
Høgd | 1 255 moh. | ||
Koordinatar | 34°01′N 36°43′E / 34.017°N 36.717°E | ||
Folketal | 90 000 (2014 est.) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
An-Nabk 34°01′30″N 36°44′04″E / 34.025°N 36.734444444444°E | |||
Kart som viser An-Nabk.
| |||
Wikimedia Commons: An-Nabk |
Historie
endreAl-Nabk vart nemnt av arabiske geografar på 1100- og 1200-talet. Ibn Jubayr skreiv at det var ein landsby nord for Damaskus «med mykje rennande vatn og vide enger.» Yaqut al-Hamawi skreiv i 1225 at han «er ein fin landsby med glimrande forsyningar. Her er ei merkverdig kjelde som har kaldt vatn om sommaren, og klårt, flott vatn. Dei seier at kjelda er ved Yabrud.»[3]
Landemerke
endreDeir Mar Musa al-Habashi, klosteret for St. Moses abyssinaren, ligg oppom byen i vest.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «An-Nabk» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- le Strange, Guy (1890), Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund
Bakgrunnsstoff
endre- Al Nabk.net Arkivert 2007-04-08 ved Wayback Machine.
- Al Nabk.com
- 4nabk.com Arkivert 2014-12-18 ved Wayback Machine.