Al-Safsafah (arabisk الصفصافة) er ein by nordvest i Syria i Tartus guvernement, søraust for Tartus og 13 kilometer nord for grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Ayn al-Zibdeh og Kafr Fo i søraust, al-Tulay'i i aust, Buwaydet al-Suwayqat i nordaust, Beit al-Shaykh Yunes i nord, Ayn al-Zarqa i nordvest og al-Hamidiyah i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Safsafah eit folketal på 6 011 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Safsafah nahiyah («underdistrikt») som består av 19 stader med eit samla folketal på 23 416 i 2004.[1] Innbyggjarar er hovudsakleg alawittar.[2]

Al-Safsafah
الصفصافة
by
Land  Syria
Guvernement Tartus
Distrikt Tartus
Nahiyah Al-Safsafah
Koordinatar 34°44′7″N 36°3′10″E / 34.73528°N 36.05278°E / 34.73528; 36.05278
Folketal 6 011  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Safsafah
34°43′00″N 36°02′00″E / 34.71666718°N 36.03333282°E / 34.71666718; 36.03333282

Historie endre

Ein av dei viktigaste familiane i byen er Abbas. Dei tente tidlegare som aghawat («lokale militære leiarar») i Det osmanske riket.[2]

Al-Safsafah nahiyah vart skapt ut frå Safita-distriktet og overført til Tartus-distriktet i 1970. Under regjeringstida til president Hafez al-Assad (1970-2000), konkurrerte al-Safsafah og kystsenteret al-Hamidiyah om å verte senteret i eit nytt, planlagt mantiqah («distrikt») som består av Akkar-sletta i Syria. Den første tilrådinga frå miljødepartementet, med støtte av ei utviklingsgruppe frå Dei sameinte nasjonane, var al-Hamidiyah. Byen var større, betre utrusta for sivile tenester og hadde blitt utpeikt som den tredje internasjonale hamnebyen i Syria. Men dette var ein stort sett sunnimuslimsk by og hadde lite politisk tyngde, og det var dermed lite truleg at sentrale styresmakter kom til å velje denne byen. Al-Safsafah var mindre og hadde dårlegare infrastruktur, men hadde betre band til regjeringa. Sjølv om et ikkje vart skapt noko nytt distrikt, opna Den syriske jordbruksbanken ei avdelinga i al-Safsafah i 1994, noko som normalt berre skjed i distriktshovudstadane.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004[daud lenkje]. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.