Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om byen i Syria. For andre tydingar, sjå Al-Tall (fleirtyding).

Al-Tall (arabisk التل, òg skrive al-Tell) er ein by sør i Syria, administrativt ein del av Rif Dimashq guvernement og senter i al-Tall-distriktet. Han ligg midt i Anti-Libanonfjella, kring 1 000 meter over havet.[1] Av stader i nærleiken finn ein Maaraba i sørvest, Damaskus i sør, Dahiyat al-Assad og Douma i søraust, Maarrat Saidnaya i nordaust, Manin i nord, Ashrafiyat al-Wadi og Basimah i nordvest og al-Hamah og Qudsaya i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Tall eit folketal på 44 957 i 2004.[2] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[3]

Al-Tall
التل, Al-Tell
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Tall-distriktet
Nahiyah Al-Tall
Høgd 1 000 moh.
Koordinatar 33°36′0″N 36°18′0″E
Folketal 44 597 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg

Tidleg i 1960-åra vart al-Tall omtalt som ein stort landsby med 3 500 innbyggjarar. Ein stor moské ligg i byen, omgjeve av fleire fragment av søyler, steinar som ligg hulter til bulter og gravkammer.[3]

KjelderEndra

  1. Boulanger, 1966, s. 303.
  2. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  3. 3,0 3,1 Boulanger, 1966, s. 303.