Alakol (russisk Озеро Алаколь) er ein innsjø i provinsane Almaty og Aust-Kasakhstan, aust i sentrale område av Kasakhstan. Han ligg ei i høgd 347 meter over havet. Denne smale dalen strekkjer seg mellom dei sørlege høglanda i Kasakhstan til det tørre, nordvestlege Kina. Den dzjungariske inngangen, som området vart kalla, er ein dal avgrensa av ei forkasting (sjå den vertikale linja på bilete langs sørvestsida av innsjøen) der høgda på dalbotn ligg mellom 350 og 450 meter over havet og toppane i Dzjungarskij Alatau (nedst til venstre på bilete) når heilt opp til 4 463 meter over havet. To veldefinerte avleiringskjegler er synlege der fjellelvane skjer seg gjennom landskapet sørvest for innsjøen.

Alakol
innsjø
Alakol, nord er øvst til høgre
Område Almaty og Sjyghyz i Kasakhstan
Innsjøtype Saltsjø
Høgd over havet 347 moh moh.
Areal 2 650 km² km²
Største djupn 54 m m
Volum 58,6 km³ km³
Koordinatar 46°10′N 81°35′E / 46.167°N 81.583°E / 46.167; 81.583
Kart
Alakol
46°04′52″N 81°45′51″E / 46.081111111111°N 81.764166666667°E / 46.081111111111; 81.764166666667
Wikimedia Commons: Lake Alakol

Alakol er ein saltsjø og har eit nedslagsfelt på 65 200 km² og får periodevis vatn frå den elva Urdzjar i nordenden av innsjøen. Overflatearealet til innsjøen er 2 650 km² og er 54 meter på det djupaste med eit volum på 58,6 km³. I nordvest ligg eit myrlendt lågland mellom Alakol og ein annan innsjø som heiter Sasykkol.

Alakol nasjonale fuglereservat er oppretta for å verne innsjøen som er ein viktig hekkeplass for forskjellige våtmarksfuglar, som den særs sjeldne mongolhettemåsen.

Jordbruksaktivitet i dette tørre området er avgrensa til stader med nok fukt, hovudsakleg langs elvar med varierande vassføring og i deltaområde og avleiringskjegler.

Alakulkulturen frå bronsealder heldt mellom anna til i denne regionen.

Kjelder endre