Albanosjøen eller Albanersjøen er ein liten kratersjø i Albanarfjella i Lazio i Italia, om lag 25 km søraust for Roma. På ei høgd over innsjøen ligg Castel Gandolfo, der paven har ein villa.

Albanosjøen
innsjø
Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Land  Italia
Innsjøtype Kratersjø
Lengd 3,5 km
Breidd 2,3 km
Areal km²
Største djupn 170 m
Koordinatar 41°45′00″N 12°39′54″E / 41.75°N 12.665°E / 41.75; 12.665
Kart
Albanosjøen
41°44′51″N 12°40′08″E / 41.7474°N 12.669°E / 41.7474; 12.669
Wikimedia Commons: Lake Albano

I Romarriket vart han kalla «Albanus Lacus» og i nærleiken stod Alba Longa.

Med eit djup på opp til 170 meter er han den djupaste i Lazio. Han er om lag 3,5 km lang og 2,3 km brei og er danna av to vulkankrater. Ryggen mellom dei to kratera ligg midt i innsjøen på 70 meters djup.

Under Sommar-OL 1960 i Roma vart øvingane i roing haldne her.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albanosjøen