Albert Kjær
Albert Kjær (fullt namn Johan Albert Julius Kjær) (fødd 1852 i Bergen, død 1941) var ein norsk filolog, bibliotekar og stadnamngranskar.
Albert Kjær | |
![]() | |
Fødd | 1852 Bergen |
---|---|
Død | 1941 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | filolog, bibliotekar |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Kjær vart cand.mag. i 1875, og arbeidde frå 1876 på Universitetsbiblioteket i Oslo, frå 1918 som førstebibliotekar. Han arbeidde 1880-83 også ved Deichmanske bibliotek. Kjær skreiv nokre enkle historiebøker som En liden lærebog i historie : (verdenshistorie - kirkehistorie - Norges historie) for folkeskoler paa landet (1894), men den største innsatsen som publist gjorde han som redaktør av fleire band av Oluf Ryghs Norske Gaardnavne, og P.A. Munchs Norrøne gude- og heltesagn.
Kjær vart som pensjonist utnemnd til statsstipendiat i 1922. Han vart heidra med Festskrift tilegnet førstebibliotekar A. Kjær av venner 26. sept. 1924.
LitteraturEndra
- Norsk allkunnebok; bd VII. 1956
- Amundsen, Leif. «Minnetale over førstebibliotekar A. Kjær». I: Det norske videnskapsakademis årbok 1941