Albumet Matthew and Son

Matthew and Son
Studioalbum av Cat Stevens
Språk engelsk
Utgjeve 10. mars 1967
Innspelt 14. juli 1966 – 1. februar 1967
Studio Decca Studios i West Hampstead i London
Sjanger Folkrock, barokk pop
Lengd 34:03 (original britisk utgåve)
29:07 (original amerikansk utgåve)
Selskap Deram
Produsent Mike Hurst
Cat Stevens-kronologi 
Matthew and Son New Masters
(1967)


Singlar frå Matthew and Son
  1. «Matthew and Son»
    Utgjeve: 30. desember 1966

Matthew and Son er debutalbumet til den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i mars 1967.

Oversikt

endre

Stevens byrja å skriva songar i dei tidlege tenåra. Hans tidlegaste påverknader inkluderte stilen til tidlege britiske band, som The Beatles og The Rolling Stones, påverka av populær amerikansk rhythm and blues. På same tid sette folk-innverknader frå artistar som Bob Dylan og Simon & Garfunkel eit sterkt preg på han, saman med nokre av musikalane som vart framførte så nær barndomsheimen hans i Soho at han ofte kunne høyra dei driva gjennom rommet sitt. Den eldre broren til Stevens, David Gordon, tiltrekte seg merksemda til musikkprodusenten Mike Hurst, tidlegare frå The Springfields, i håp om å finna ein produsent som var interessert i musikken til veslebroren. Etter at det vart spelt inn ein demo, vart det inngått ein avtale mellom dei to.[1] Albumet vart ikkje gitt ut før i 1967, men innspelinga byrja likevel 10. juli 1966, med nokre få førehandssinglar som dukka opp rundt den tida.

Førehandssinglar

endre

Sjølv om albumet ikkje vart gitt ut før i 1967, vart den første førehandssingelen, «I Love My Dog», gitt ut i 1966. Han vart opphavleg berre spelt inn med Stevens på gitar, piano og vokal. Hurst oppmuntra likevel Stevens til å leggja til eit stakkato- og pauke-og-bratsj-arrangement. Dette var noko som ikkje hadde vorte gjort før på poplåtar. Studiobassisten John Paul Jones spelte på dei første singlane to år før han vart medlem av Led Zeppelin. Teksten til B-sida av den første singelen, «Portobello Road», vart skriven av Kim Fowley, som oppmoda Stevens til å komponera ein melodi til songen. Singelen nådde først nr. 28 på dei britiske hitlistene, etterfølgd av «Matthew and Son», den neste singelen og tittelsporet, som gjekk til andreplassen på dei britiske hitlistene, noko som gjorde Stevens til ein populær og reinskoren tenåringssongar.[2]

Utgjeving og mottaking

endre

Matthew and Son kom ut i 1967, og nådde til slutt sjuandeplassen i Storbritannia. Albumsporet «Here Comes My Baby» vart opphavleg spelt inn og gjeve ut av The Tremeloes, og vart ein hit og nådde fjerdeplassen i Storbritannia. «I've Found a Love» vart skriven av den britiske songaren David Garrick, men nådde ikkje hitlistene, medan Stevens sin eigen «I'm Gonna Get Me a Gun» nådde sjetteplassen.[2]

«Here Comes My Baby» vart brukt i Wes Anderson-filmen Rushmore.

Musikkritikaren Robert Christgau i The Village Voice kalla seinare Matthew and Son for «noko heilt uvanleg: ei gløymd plate som ikkje burde vera det»,[3] og sa at både tittelsporet og «I Love My Dog» var «to rockelåtar me burde ha høyrt meir av i 1967».[4] AllMusic-skribenten Bruce Eder gav det tre og ein halv av fem stjerner og sa at «det er veldig fjernt frå stilen som Stevens til slutt vart kjend for, og på mange måtar er det meir datert enn det han gjorde for Island/A&M, men det er mykje meir sjølvmedvite tilgjengeleg, arrangert i ulike stilar».[5]

Innhald

endre

Britisk LP- og CD-utgåve

endre

Alle songar er skrivne av Cat Stevens. «Portobello Road» skriven i lag med Kim Fowley..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Matthew and Son»2:46
2.«I Love My Dog»2:23
3.«Here Comes My Baby»2:58
4.«Bring Another Bottle Baby»2:44
5.«Portobello Road»2:29
6.«I've Found a Love»2:32
7.«I See a Road»2:11
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Baby Get Your Head Screwed On»2:22
9.«Granny»3:12
10.«When I Speak to the Flowers»2:25
11.«The Tramp»2:11
12.«Come on and Dance»2:10
13.«Hummingbird»2:36
14.«Lady»3:04
Bonusspor (1988-utgåva)
Nr.TittelLengd
15.«School is Out»2:55
16.«I'm Gonna Get Me a Gun»2:11
Bonusspor (2003-utgåva)
Nr.TittelLengd
15.«I'm Gonna Get Me a Gun» (stereoversjon)2:14
16.«School is Out» (stereoversjon)2:59
17.«I Love My Dog» (mono singelversjon)2:26
18.«Portobello Road» (mono singelversjon)2:30
19.«Matthew and Son» (mono singelversjon)2:50
20.«Granny» (mono singelversjon)3:12
21.«School is Out» (mono singelversjon)2:56
22.«I'm Gonna Get Me a Gun» (mono singelversjon)2:16

Amerikansk LP-utgåve

endre

Alle songar er skrivne av Cat Stevens.

Side ein[6]
Nr.TittelLengd
1.«Matthew and Son»2:46
2.«I Love My Dog»2:23
3.«Here Comes My Baby»2:58
4.«Bring Another Bottle»2:44
5.«I've Found a Love»2:32
6.«I See a Road»2:11
Side to
Nr.TittelLengd
7.«I'm Gonna Get a Gun»2:11
8.«School is Out»2:55
9.«Baby, Get Your Head Screwed On»2:22
10.«When I Speak to the Flowers»2:25
11.«Hummingbird»2:36
12.«Lady»3:04

Medverkande

endre
  • Cat Stevens - vokal, gitar, klaverinstrument
  • John Paul Jones - bassgitar på «Matthew and Son»
  • Nicky Hopkins - klaverinstrument på «Matthew and Son»
  • Alan Tew og Mike Hurst - arrangement
Teknisk

Kjelder

endre
  1. "Yusuf Islam: The Artist Formerly Known as Cat Stevens", BBC. Intervju med Alan Yentob, mai 2006.
  2. 2,0 2,1 Islam, Yusuf (2008). «Yusuf Islam Website, 1966». Official Website of Yusuf Islam. Henta 9. april 2023. 
  3. Christgau, Robert (19. november 1970). «Consumer Guide (14)». The Village Voice (New York City: Voice Media). Henta 19. april 2023. 
  4. Christgau, Robert (1981). Rockalbum fra 70-tallet: A Critical Guide. s. 372. Henta 19. april 2023. 
  5. Allmusic-melding
  6. «Cat Stevens – Matthew & Son (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 9. april 2023.