Mike Hurst (fødd 19. september 1941 som Michael John Longhurst Pickworth[1] er ein engelsk musikar og plateprodusent.

Mike Hurst
Fødd19. september 1942 (81 år)
FødestadKilburn i London i England
FødenamnMichael John Longhurst Pickworth
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
Sjangerpop
InstrumentGitar
Tilknytte artistarCat Stevens, The Springfields, Showaddywaddy, Shakin' Stevens, Manfred Mann, Sundance, The Artist Formally Known As Prince.
Verka somMusikar, plateprodusent

Biografi

endre

Mike Hurst var songar, låtskrivar og gitarist frå han var 13 år gammal, og vart oppmuntra av rockesongaren Eddie Cochran etter å ha prøvesunge for Jack Good sitt TV-show Oh Boy!, men i 1960, etter å ha mislykkast i å sikra seg ein platekontrakt, gjekk Hurst bort frå musikken og byrja å jobba i forsikringsbransjen. Seinare, etter at mor hans svarte på hans vegner på ein annonse i The Stage etter ein songar til ei pop/folk-gruppe, vann Hurst ei prøvespeling. Han vart med Dusty og Tom Springfield i The Springfields i februar 1962.

Etter å ha komme inn på UK Singles Chart med «Breakaway», fekk dei ein hitsingel i USA med «Silver Threads and Golden Needles», og vart den første britiske vokalgruppa som kom inn på den amerikanske Topp 20. Den britiske hitliste-suksessen heldt fram i 1963 med «Island of Dreams» og «Say I Won't Be There». Dei vart kåra til den beste britiske gruppa av lesarane av NME i 1962. Den siste opptredenen til Springfields var i Sunday Night at the London Palladium, det største TV-programmet på den tida, der dei fekk overrekt eit trofé av programleiar Bruce Forsyth.

Gruppa vart oppløyst i oktober 1963. I 1964 danna Hurst eit band kalla The Methods, med Jimmy Page og deretter Albert Lee på gitar og dessutan Tony Ashton på klaverinstrument. Etter å ha forlate bandet byrja Hurst å produsera for Andrew Oldham (Tony Rivers and the Castaways) og Mickie Most. I september 1965 leidde han Marc Bolan si første innspeling hos Decca då han spelte inn «The Wizard».

I 1965, etter eit kort samarbeid med Bolan, oppdaga han songar-låtskriveren Cat Stevens, og signerte han til det nye plateselskapet Deram (ei underavdeling av Decca). Hurst produserte dei fem første hitsinglane hans, inkludert «Matthew and Son» og «I'm Gonna Get Me a Gun». I løpet av denne tida produserte han òg innspelingar og hittar for P.P. ArnoldThe First Cut Is the Deepest»), The MoveCurly»), Manfred MannMighty Quinn»), Spencer Davis Group («Time Seller»), Neil MacArthur (eit pseudonym for Colin Blunstone), Warm Sounds, Ayshea og Alan Bown. I 1969 danna Hurst eit orkester og spelte inn coverversjonar av dei populære songane på den tida.

I 1970 og 1971 produserte han for det australske bandet New World, og spelte inn to album for Capitol Records, med sidemenn som Tony Ashton, B.J. Cole, Clem Cattini, Ian Paice, Jon Lord, Rod Argent og Nicky Hopkins.[2] I 1973 danna han sitt eige produksjonsselskap, Solid Gold, og skreiv og produserte for bandet Fancy, og oppnådde hitliste-suksess i USA med singlane «Touch Me» og ein cover av The Troggs sin «Wild Thing». Same år signerte han Showaddywaddy til Bell Records og produserte ei rekkje britiske hitsinglar for dei. Desse inkluderte «Under the Moon of Love», «Three Steps to Heaven» og «Wh-en».

Etter suksessen med Showaddywaddy produserte han Modern Priscilla (1978), eit discoalbum for Cilla Black, og tidlege innspelingar av Bruce Woolley and the Camera Club. I 1978 byrja han å vera manager for Shakin' Stevens, og produserte den første hitten hans «Hot Dog» same året. I 1981 danna han ei vokalgruppe med Mary Hopkin og Mike de Albuquerque kalla Sundance og turnerte med Dr. Hook i Parkinson og Russell Harty. I 1984 vart han sjef for Lamborghini Records, kjent for å ha oppdaga Samantha Fox.

På 2000-talet har han mellom anna produsert for Belle & Sebastian (2002),[2] og bandet til sonen, Jonas and Plunkett (2007). Han driv òg rockeskular for unge gjennom selskapet sitt Rockmaster, og er ein framståande foredragshaldar om engelskspråkleg populærmusikkhistorie frå mellomalderen til i dag, og opptrer på skular, U3A-grupper osb. over heile landet. Hurst opptrer òg med sitt nye Springfields, inkludert Andy Marlow og Alice Pitt-Carter.

Hurst og kona Marjorie har sju barn til saman - Tim, Alexis, Caroline, Muffin, Bryony, Jonas og Adam - og minst 17 barnebarn.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre