Aleksandr Barysjnikov
Aleksandr Georgijevitsj Barysjnikov (fødd 11. november 1948) er ein sovjet-russisk tidlegare kulestøytar frå Khabarovsk kraj som representerte Sovjetunionen. Han vann bronsemedaljen i øvinga både under OL 1976 i Montreal, EM 1978 i Praha og sølvmedaljen i OL 1980 i Moskva.
Aleksandr Barysjnikov | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 11. november 1948 Tsjlja |
Død | 15. september 2024 (75 år) St. Petersburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976 |
Utmerkingar | Ærestegnets orden |
Aktiv
endreBarysjnikov melde seg på i verdstoppen i 1972-sesongen med eit bestestøyt på 20,54 m, men mislukkast heilt ved Sommar-OL i München. Den 25. august 1974 i Moskva overraska han stort då han forbetra seg med over ein meter og sette europarekord med eit støyt på 21,70 meter, også årsbeste i verda. Prestasjonen vart ein framskuv for rotasjonsteknikken, ein teknikk nokre få kulestøytarar hadde byrja utprøve i dei fyrste 1970-åra. Under europameisterskapen i Praha like etter måtte han nøye seg med 20,13 m og fjerdeplass.
I dei olympiske sommarleikane 1976 vart Barysjnikov tredjemann med 21,05 m som best, 2 cm bak sølvmedaljøren Jevgenij Mironov og 5 cm kortare enn gullvinnar Udo Beyer frå Aust-Tyskland. To år seinare fekk Barysjnikov ein ny bronse ved Praha, også då med Beyer og Mironov som sine overmenn. Under Sommar-OL 1980 i Moskva støytte Barysnjnikov 21,08 m og kneip sølvmedaljen framom Beyer, dei begge kunne lite gjere med Vladimir Kiseljov som støytte kula 21,35 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexander Georgijewitsch Baryschnikow» frå Wikipedia på tysk, den 21. mai 2020.
- «Aleksandr Baryshnikov» (på engelsk). Olympedia. Henta 9. april 2023.