Vladimir Kiseljov

Vladimir Viktorovitsj Kiseljov (1. januar 19577. januar 2021) var ein ukrainsk friidrettsutøvar, fødd i Myski i dåverande Kemerovo oblast i Russland, Han vart olympisk meister i kulestøyt under Sommar-OL 1980 i Moskva der han representerte Sovjetunionen.

Vladimir Kiseljov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 24. april 1957
Myski
Død

7. januar 2021 (63 år)
Krementsjuk

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980

Aktiv endre

Kiseljov voks opp i Krementsjuk i Ukraina. I mars 1979 vart han med sine 20,01 meter tredjemann i innandørs-EM, bakom finnen Reijo Ståhlberg (20,47 m) og briten Geoff Capes (20,23 m). Året etter tok Kislejov leiinga i OL-finalen i kulestøyt med eit støyt på 21,10 m. I den sjette og siste finaleomgangen auka han til 21,35 og ny olympisk rekord. Dermed vann han gullmedaljen med god margin til landsmannen Aleksandr Barysjnikov som fekk 21,08 m i teljande resultat, og verdsrekordhaldaren Udo Beyer frå Aust-Tyskland, målt til 21,06 m.

Ved EM i friidrett 1982 vart Kiseljov sjuandemann i kuletevlinga etter kula landa på 20,40 m. Same året vart han sovjetmeister i kulestøyt, ein prestasjon han gjentok i 1984. Kiseljov deltok ikkje i Sommar-OL 1984, ettersom Sovjetunionen boikotta leikane i Los Angeles. I staden sette han livsrekord med 21,58 meter under eit stemne i Moskva den 17. august, eit støyt lengre enn det den olympiske meisteren presterte i Los Angeles seks dagar i førevegen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre