Aleksandr Benois
Aleksandr Nikolajevitsj Benois[1] (3. mai 1870–9. februar 1960) var ein russisk kunstnar, kunstkritikar og -historikar. Han var ein av dei som grunnla kunstrørsla Mir iskusstva. På moderne ballett- og scenekunst hadde han grunnleggjande innverknad.
Aleksandr Benois | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Frankrike |
Fødd | 21. april 1870 St. Petersburg |
Død |
9. februar 1960 (89 år) |
Yrke | kunstmålar, skribent, koreograf, kunsthistorikar, librettist, teiknar, scenograf, exlibrisist, kunstkritikar, designar, dekoratør, regissør, kostymedesignar |
Språk | russisk |
Far | Nikolaj Benois |
Mor | Kamilla Cavos |
Ektefelle | Anna Karlovna Benois |
Aleksandr Benois på Commons |
Liv og gjerning
endreBenois vart fødd i St. Petersburg. Fleire personar av Benois-slekta var leiande aktørar i den russiske intelligentsiaen på 1800-talet og på tidleg 1900-tal. Aleksandr sin far Nikolaj Benois og broren Leon Benois var kjende arkitektar. Aleksandr satsa på ein leveveg innom jus, han tok eksamen ved juridisk institutt på universitetet i St. Petersburg i 1894. Tre år seinare, under eit opphald i Versailles, måla han ein serie med akvarellar som skildra franskekongen Ludvig XIV sine siste promendar. Pavel Tretjakov stilte ut akvarellane i 1897, dei vart då lagt til merke av både Sergej Djagilev og Leon Bakst. Saman grunnla dei tre kunstmagasinet og -rørsla Mir iskusstva, med målsetjing om å fremje estetismen og Art Nouveau (jugendstil) i Russland.
Gjennom det fyrste tiåret av det nye hundreåret heldt Benois fram med å redigere Mir iskusstva, men dreiv også å forska på kunst. Han førebudde og fekk trykt fleire monografiar om 1800-tals russisk kunst og om Tsarskoje Selo. Frå 1918 til 1926 styrte han galleriet med dei gamle meistrane i Eremitasjen. Mellom anna sikra han Eremitasjen broren sitt arvestykke, Leonardo da Vincis måleri Madonna Benois. I 1903 fekk han trykt sine illustrasjonar til Pusjkins dikt Bronseryttaren, verk som sidan er anerkjend som eit av landemerka i sjangeren.
I 1901 vart Benois utnemnd til leiar for sceneutforminga i Mariinskij-teateret. Etter dette vigde han størsteparten av si tid til teatermåling, -dekorasjon med vidare. Kostymane og kulissane til Ballets Russes sine oppsetjingar av Les Sylphides (1909), Giselle (1910), og Petrusjka (1911) er rekna mellom hans største prestasjonar. Sjølv om han i hovudsak arbeidde i lag med Djagilev og Ballets Russes, samarbeidde han på same tid med Moskva kunstteater og andre kjende teater i Europa.
Memoarane hans i to band vart gjevne ut i 1955.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Benois» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2009.
- Fotnotar
- ↑ russisk Алекса́ндр Никола́евич Бенуа