Ishockey under Vinter-OL 1972
Ishockey under Vinter-OL 1972 vart arrangert i tida frå 3. til 12. februar 1972 i Sapporo. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, Makomanai hallstadion og Tsukisamu idrettshall. Sovjetunionen tok gull, USA sølv og Tsjekkoslovakia bronse.
Turneringa
endre11 land deltok i turneringa: dei seks som var med Ishockey-VM 1971 og dei fem beste i B-VM i ishockey same året. Turneringa tok til med ei cuprunde, regjerande OL-meister Sovjetunionen fekk «fripass». Vinnarane av dei fem cupkampane og Sovjetunionen møttest så til seriespel. Medaljane vart fordelt etter poenghaust og innbyrdes målskilnad.
Taparane av dei innleiande cupkampane deltok i seriespel om plassane 7-11. Noreg sigra i tre av fire oppgjer og enda på åttandeplassen i turneringa.
Finalerunda
endrePlass | Lag | Kampar | Sigrar | Uavgj. | Tap | Målskår | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sovjetunionen | 5 | 4 | 1 | 0 | 33 - 13 | 9 |
2 | USA | 5 | 3 | 0 | 2 | 18 -15 | 6 |
3 | Tsjekkoslovakia | 5 | 3 | 0 | 2 | 26 - 13 | 6 |
4 | Sverige | 5 | 2 | 1 | 2 | 17 - 13 | 5 |
5 | Finland | 5 | 2 | 0 | 3 | 14 – 24 | 4 |
6 | Polen | 5 | 0 | 0 | 5 | 9 - 39 | 0 |
Sovjetunionen sitt meistermannskap
endreMålvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Pasjkov
Forsvarar: Aleksandr Ragulin, Vitalij Davidov, Igor Romisjevskij, Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Gennadij Tsygankov, Viktor Kuzkin
Løparar: Anatolij Firsov, Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Vladimir Vikulov, Jevgenij Misjakov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Jevgenij Zimin, Jurij Blinov.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1972/Eishockey» frå Wikipedia på tysk, den 20. april 2020.