Aleksandra Andrejevna Antonova

Aleksandra Andrejevna Antonova (5. mai 19328. oktober 2014)[1] var ein kildinsamisk lærar, språkaktivist, forfattar og omsetjar. Ho budde i LovozeroKolahalvøya i Russland.

Aleksandra Andrejevna Antonova

Pseudonym Са̄нндрэ Антонова, Са̄ндра Антонова
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 5. mai 1932
Teriberka
Død

8. oktober 2014 (82 år)
Lovozero

Yrke lyrikar, skribent, omsetjar, pedagog, lærar, informant, leksikograf
Språk kildinsamisk
Aleksandra Andrejevna Antonova på Commons

Antonova brukte aktivt det kildinsamiske språket, og deltok i arbeidet med å danna det offisielle kildinsamiske skriftspråket som har vore i bruk sidan 1980-talet. Ho skreiv fleire kildinsamiske lærebøker, i tillegg til skjønnlitterære bøker på kildinsamisk og russisk. Antonova var forfattaren av den første boka som den aktuelle ortografien til kildinsamisk. I 2012 blei ho tildelt språkprisen Gollegiella saman med Nina Afanasjeva.[2]

Aleksandra Antonova (kildinsamisk Санндрэ Антонова, nordsamisk Sandra Antonova) var fødd i Kola i Teriberka i Murmansk oblast i 1932. I 1956 var ho ferdig utdanna som lærar i russisk litteratur ved Det statlege pedagogiske Herzen-instituttet (nå Herzen universitet) i Leningrad, som byen St. Petersburg heitte då.

Etter å ha fullført utdanninga drog Antonova tilbake til Kolahalvøya og arbeidde som lærar på ein kostskule i Lovozero frå 1956 og fram til ho gjekk av med pensjon.

I 1976 blei det danna ei arbeidsgruppe for planlegging av samisk språk i utdanningsavdelinga hjå sentralstyret i kommunistpartiet i Murmanskområdet. Under rettleiing av pedagogen og språkforskaren Rimma Kurutsj, Antonova som samisktalande lærar, og pedagogen Boris Gluhov frå Murmansk byrja ein å førebu nye retningsliner for rettskriving og nytt undervisningsmateriale for kolasamane.[3][4] Saman med lingvistar frå Det russiske vitskapakademiet reviderte Antonova og kollegane hennar skriftspråket som ikke hadde vore i bruk sidan 1937, og utvikla ein ny standard for det skriftlege språket. I 1979 blei den nye kyrilliske rettskrivinga presentert og brukt i eksperimentelle språkkurs.[5]

Antonova fortsette å bruke den nye språknorma i undervisinga si i kildinsamisk for elevar på kostskule, og byrja å skriva den første kildinsamiske læreboka, som kom ut i 1982. Etter kvart voks arbeidsgruppa i Murmansk med fleire nye samiske ansatte, og i 1985 fekk ho gjeve ut ei omfattande ordbok med omsetjinga frå kildinsamisk til russisk. Forfattarane av ordboka var blant andre Antonova og Nina Afanasjeva. I 1986 gav Georgij K. Kert ut ei ordbok med omsetjinga begge vegar mellom kildinsamisk og russisk, han blei då assistert av Antonova.

 
Aleksandra A. Antonova (2008)

I perioden 1993—2007 arbeidde Antonova som redaktør og programleiar for dei samiske radiosendingane ved den kommunale radiostasjonen i Lovozero. Ho gav også radiokurs i kildinsamisk. I tillegg til arbeidet som lærar og språkaktivist var Antonova også ein produktiv forfattar som skreiv fleire diktsamlingar for barn og vaksne på både kildinsamisk og russisk. Ho omsette også litteratur frå kildinsamisk til russisk og frå russisk til kildinsamisk. Den best kjende omsetjinga hennar er Astrid Lindgren sine tre bøker om Pippi Langstrømpe, som kom ut på kildinsamisk i 2013. I tillegg til skjønnlitteratur har ho også omsett religiøs litteratur. Antonova har i tillegg arbeidd som korrekturlesar og omsetjar for kjeldetekstar, og som konsulent i prosjekter for dokumentasjon av språk.[6]

Antonova døydde 8. oktober 2014 i Lovozero.[1]

Prisar og utmerkingar

endre
  • 2012, Den internasjonale samiske språkprisen Gollegiella (med Nina Afanasjeva)[7]

Bibliografi

endre

Pedagog og språkaktivist

endre
  • Антонова А.А. Са̄мь букварь. Ленинград, 1982.
  • Антонова А.А., Афанасьева, Н.Е., Глухов Б.А., Куруч Р.Д., Мечкина Е.И., Яковлев Л.Д. Саамско-русский словарь, под редакцией Р.Д. Куруч. Мурманск, 1985.
  • Антонова А.А. А̄й са̄ннҍ. Санкт-Петербург, 2004.
  • Са̄нндрэ Антонова. "Са̄мь-Рӯшш са̄ннҍнэххьк, 7500 ве̄ррьт са̄мь са̄ннӭ я 10600 са̄ррнмушшэ (Саамско-Русский словарь, около 7500 саамских слов и 10600 словосочетаний)". — Мурманск, 2014. — 376 с. — 500 экз.

Forfattar

endre
  • Са̄нндрэ Антонова. Пӣрас = Sandra Antonova. Bearaš. Kárášjohka, 2004.
  • Са̄нндрэ Антонова. Кӯтьк = Sandra Antonova. Váimmu moraš. Kárášjohka, 2004.
  • Антонова А.А. Струны сердца. Мурманск, 2007.

Omsetjingar (til kildinsamisk)

endre
  • Антонова А.А. Виллькесь пуаз (повесть Бажанова А.А. «Белый олень»). Карашйок, 1996.
  • Антонова А.А. Ӣсус – па̄ррнэ ка̄ннҍц (Евангелий для детей «Иисус – друг детей»). Стокгольм/Хельсинки, 1996.
  • Антонова А.А. Ка̄йне ла̄йххь (сказки Большаковой Н.П. «Подарок чайки»), Мурманск, 2003.
  • Антонова А.А., Агеева А.М. Вӣллькесь пуаз" (перевод стихов Матрехина И.Я. «Белый олень»). Мурманск, 2007.
  • Антонова А.А., Якимович С.Е. Сергей Есенин на саамском. Стихотворения. Мурманск, 2008.
  • Антонова А.А., Та̄рьенч Кукесьсуххк. (перевод книги Линдгрена А. «Пеппи Длинныйчулок»), Мурманск, 2013.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Pettersen, Monica Falao. «Samisk språkpioner er død». NRK Sápmi. Henta 7. august 2019. 
  2. Hætta, Kenneth. «Gollegiella-bálkkašupmi mieđihuvvon». Yle Sápmi. Henta 6. august 2019. 
  3. Rimma D. Kuruč, Nina E. Afanasjeva, Iraida V. Vinogradova 1995. Pravila orfografii i punktuacii samskogo jazyka. Murmansk, s. 178.
  4. ГЛУХОВ Борис Александрович. Кольский Север. 
  5. Kuruč, Rimma D.; Afanasjeva, Nina E.; Vinogradova, Iraida V., Pravila orfografii i punktuacii saamskogo jazyka. Murmansk 1995, s. 178. (russisk)
  6. «"Team" Kola Sámi Documentation Projekt (KSDP)». Documentation of Endangered Languages. Henta 5. august 2019. 
  7. «Två vinnare av Gollegiella-priset 2012». Henta 5. august 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre