Opna hovudmenyen

Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov, russisk Алексей Алексеевич Абрикосов, (25. juni 192829. mars 2017)[1]var ein russisk fysikar med viktige bidrag innanfor faststoffysikk.

Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov
AA Abrikosov ANL1.jpg
Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov
Fødd25. juni 1928
Moskva i Russiske SFSR i Sovjetunionen
Død29. mars 2017
Palo Alto
NasjonalitetRussisk
OmrådeFysikkteoretisk fysikk, kondensert fase-fysikk
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarLandau Institute
Statsuniversitetet i Moskva
Argonne National Laboratory
Alma materStatsuniversitetet i Moskva
Det russiske vitskapsakademiet
DoktorgradsrettleiarLev Landau
Kjend forFaststofffysikk
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (2003)
MedlemNational Academy of Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society
Royal Society

Han tok doktorgraden i fysikk i 1951 ved Det fysiske instituttet i Moskva, og var seinare tilsett ved Landau-instituttet for teoretisk fysikk i Moskva. Frå 1991 har han vore tilsett ved Argonne National Laboratory i Illinois i USA. Abrikosov har særleg arbeidd innanfor faststoffysikk og oppdaga type-II superleiarar.

Abrikosov vart tildelt Leninprisen i 1966, Fritz Londons minnepris i 1972, og Den sovjetiske statsprisen i 1982. I 1989 mottok han Landauprisen frå Det russiske vitskapsakademiet. To år seinare, i 1991, vart Abrikosov tildelt Sony Corporation's John Bardeen Award.

Abrikosov er òg medlem av Royal Academy i London, og er medlem av American Physical Society, og i 2000 vart han valt til den prestisjefylte National Academy of Sciences. Han var ein av mottakarane av Nobelprisen i fysikk i 2003 saman med Vitalij Ginzburg og Anthony James Leggett, for teoriane sine om korleis ting kan oppføre seg ved ekstremt låge temperaturar.

KjelderEndra

  1. «Alexei Abrikosov - Biographical» (engelsk). Nobelprize.org. Henta 31. mars 2017.