Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken
Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken (russisk Росси́йская Сове́тская Федерати́вная Социалисти́ческая Респу́блика, forkorta РСФСР) var den største av dei 15 republikkane i Sovjetunionen, og òg den med flest innbyggarar. Då Sovjetunionen vart oppløyst, vart sovjetrepublikken til dagens Russland. Hovudstaden i republikken var Moskva, som òg var hovudstad for Sovjetunionen.
Росси́йская Сове́тская Федерати́вная Социалисти́ческая Респу́блика Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto "Пролетарии всех стран, соединяйтесь!" («Proletarar i alle land, samein dykk!») | |||||
Nasjonalsong «Internasjonalen» (1918-1923) «Hymne til Sovjetunionen» (1944-1990) «Den patriotiske songen» (1990-1993) | |||||
Hovudstad | Moskva | ||||
Språk | Russisk | ||||
Styreform | Sovjetrepublikk | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1917 | ||||
- Opphøyrde | 1993 | ||||
Areal | |||||
- 1991 | 17 075 200 km² | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1991 est. | 147 386 000 | ||||
Folketettleik | 8,6 /km² | ||||
Valuta | Rubel (SUR) |
Staten vart oppretta 7. november 1917. 10. juli 1918 vart den sovjetiske grunnloven godteke. Republikken vart ein del av Sovjetunionen i 1922, og vart formalisert i den sovjetiske grunnloven av 1924. Omgrepet Bolsjevik-Russland vert ofte brukt om perioden 1917 til 1922. I offisielle russiske dokumentar frå den tida, vart republikken kalla ein russisk republikk (russisk: Российская республика) og ein sovjetisk republikk (russisk: Советская республика).
Nikita Khrustsjov overførte Krim frå Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken til Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken i 1955.
Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken var ein del av Sovjetunionen fram til 12. desember 1991, 14 dagar før Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Etter at Sovjetunionen kollapsa var Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken imot eit sosialistisk system og gjekk gjennom fleire reformer. Republikken fekk namnet Den russiske føderasjon under president Boris Jeltsin.