Aleksej Borovitin

Aleksej Aleksejevitsj Borovitin (fødd 14. februar 1954 i Kirov) er ein russisk tidlegare skihoppar som tevla for Sovjetunionen. Han vann to bronsemedaljar i skihopp i normalbakke, både i 1974 og i 1978.

Aleksej Borovitin
Fødenamn Алексей Алексеевич Боровитин
Statsborgarskap Russland
Fødd 14. februar 1954 (70 år)
Kirov
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980

Aktiv endre

Borovitin hadde ingen internasjonale resultat før han i 1974 under VM i Falun vann bronsemedaljen i hopprennet i normalbakken og fekk fjerdeplass i storbakken. Seinare i sesongen kom han på delt femteplass i Lahti. I 1975 vart han nummer fem i Holmenkollen, året etter vart han nummer seks.

Borovitin deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1974-81. Hans beste samanlagtplassering i hoppveka var 11. plass i 1975/76, i enkeltrenn kom han som best på femteplass i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1976. Han deltok i OL i 1976 Innsbruck og vart nummer 15 i normalbakken og 19 i storbakken. I 1977 vann Borovitin hopprennet i Holmenkollen klart framom Thomas Meisnger frå DDR. Same sesongen kom han på fjerdeplass under VM i skiflyging i Vikersund og han vann hopprennet i storbakken Lahti, langt framom Walter Steiner.

Under verdsmeisterskapen i Lahti, tok Borovitin ein ny bronsemedalje i normalbakken, og vart nummer 9 i storbakken. Ein fjerdeplass i Lahti var hans beste plassering i internasjonale renn i 1979-sesongen. Borovitin deltok i begge hopprenna under OL 1980 i Lake Placid med ein 21. plass i normalbakken som beste plassering.

Borovitin, som var medlem av Dynamo Kirov, vart sovjetisk meister i skihopping sju gongar.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre