Alexander Aas

norsk fotballspelar

Hendrik Alexander van es Aas (fødd 14. september 1978) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skien. Han spelte på Odd Grenland, Strømsgodset IF og danske Odense BK. Forsvarsspelaren Aas spelte åtte landskampar for Noreg i tida 2001-04.

Alexander Aas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1978 (45 år)
Skien kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 184 centimeter

Klubbspel endre

Aas voks opp i Skien med norsk mor og nederlandsk far. Han debuterte på fyrstedivisjonslaget Odd som 17-åring i 1996. Då Odd i 1998 vann 1. divisjon og rykte opp i eliteserien, hadde Aas fast plass på høgrebacken. I sesongen 2000 var han med då Odd vann cupmeisterskapen etter å ha slått Viking FK med 2-1 på Ullevaal stadion. Han heldt han fram å spele på Skiens-klubben til og med 2004-sesongen.

I januar 2005 valde Aas å gå til danske Odense Ballklub framfor å skrive ny kontrakt med Odd. I Odense vart Aas omskulert til midstoppar. Han spelte i Danmark i to år.

Framom 2007-sesongen vart Aas overført til nyopprykte Strømsgodset. I Drammens-klubben spelte han oftast midtstoppar, men tok også jobbar som høgreback. Frå 2008 var Aas kaptein i Strømsgodset. På eige initiativ gjekk han hausten 2009 inn for å kutte løna si med 35 prosent for å hjelpe Strømsgodset økonomisk. I 2010 var han kaptein då Strømsgodset vann cupen med finalesiger 2-0 mot Follo. På grunn av ein vedvarande kneskade la han opp etter 2012-sesongen.

Landslagsspel endre

Aas debuterte på det norske landslaget 21. januar 2001 i ein privatlandskamp mot Sør-Korea. Til 2004 spelte han totalt åtte kampar med flagget på brystet.

Kjelder endre