Aleksander Berkman
Aleksander Berkman (21. november 1870–28. juni 1936) var ein russisk-amerikansk anarkist og forfattar.
Aleksander Berkman | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen, ingen verdi, USA |
Fødd | 21. november 1870 Vilnius |
Død |
28. juni 1936 (65 år) |
Yrke | typograf, skribent, journalist, fredsaktivist, sjølvbiograf |
Religion | ateisme |
Aleksander Berkman på Commons |
Berkman var fødd i Vilnius i Litauen son av ein jødisk forretningsmann. Han emigrerte til USA frå Russland i 1888 og vart deportert i 1919 frå USA til Russland, som han fór ifrå to år seinare, levde dei siste to tiåra av livet sitt som flyktning i Riga, Stockholm, Berlin, Paris og Nice, der han døydde.
Han hadde i sine 31 år i USA gjort seg kjend som stridbar politisk agitator og vart sedd som eit samfunnsfarleg individ. Drygt helvta av sine år i USA sat Berkman i fengsel; første gongen mellom 1892-1906 etter eit mislykka attentat mot ein bedriftsleiar, andre gongen 1917-1919 for antimilitaristisk propaganda. Han var livskamerat med Emma Goldman, som han delte mykje av lagnaden med.
Verk
endre- Farväl Aleck. En anarkists fängelseminnen - Stockholm 1982. Memoarboka sine første 150 sider gjekk som følgjetong i vekebladet Brand 1922-1923. Den amerikanske originalutgåva utkom så tidleg som 1912 og er omsett til tysk, spansk, norsk og jiddisch. Utgivinga av den russiske utgåva vart stoppa av Berkman i sinne over massakren i Kronstadt 1921.
- The Russian Tragedy - Berlin 1922.
- The Russian Revolution and the Communist Party - Berlin 1922.
- The Kronstadt Rebellion - Berlin 1922.
- The Bolshevik Myth - New York 1925.
- Letters from Russian Prisons - 1925.
- What is Communist Anarchism? - 1929.
- Nowhere at Home - New York 1975. Boka var ein samproduksjon med Emma Goldmann.
- ABC of Communist Anarchism
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alexander Berkman» frå Wikipedia på svensk, den 31. desember 2006.