Alfred Henningsen

norsk politikar

Alfred Meyer Henningsen (26. april 191812. september 2012) var ein norsk offiser og politikar frå Sør-Varanger. Han representerte Arbeidarpartiet og TromsStortinget i perioden 1961–73.

Alfred Henningsen
Fødd26. april 1918
Død12. september 2012 (94 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Henningsen var son til ein fiskar. Etter Noreg var okkupert i 1940, vart han rekruttert til spionasje for Sovjetunionen. Få månader seinare vart han avslørt av Gestapo, og flykta til Sverige. Sidan fekk han militær opplæring i Storbritannia og deltok i fire krigsoppdrag i Nord-Noreg. Vinteren 1945 vart han teken krigsfange i Porsangerfjorden. For krigsinnsatsen fekk han fleire norske medaljar, såvel som utmerkingar frå Storbritannia og Sovjetunionen/Russland.

I 1947 tok Henningsen eksamen ved Krigsskulen. Deretter var han adjutant i Finnmark landforsvar 1947-48 og kaptein i Troms infanteriregiment 1948-54. Ein periode i 1950–51 var han kompanisjef i Tysklandsbrigaden. Frå 1954 var han i to år bataljonssjef i same regimentet. I tida 1956 til 1974 var han oberstløytnant og sjef for Troms heimeverndistrikt.

Henningsen var ordførar i Bardu 1956-61 og på ny 1976-79. Frå 1961 var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i tre etterfølgjande periodar. Han var medlem 1961-65 i Militærkomiteen, så 1965-69 i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Frå oktober 1969 til mars 1971 var han med i Sosialkomiteen og til sist medlem i Forsvarskomiteen til 1973.

Henningsen melde seg ut av Arbeiderpartiet i 1983.

Frå 1984 til -88 var Henningsen dagleg leiar av AS Tundra i SveagruvaSvalbard.

Kjelder endre

Stortingsbiografi