Alive av Nitty Gritty Dirt Band
Alive Konsertalbum av Nitty Gritty Dirt Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Country, countryrock, folkrock, bluegrass | |
Lengd | 37:45 | |
Selskap | Liberty | |
Produsent | Dallas Smith | |
Nitty Gritty Dirt Band-kronologi | ||
---|---|---|
Rare Junk (1968) |
Alive | Uncle Charlie & His Dog Teddy (1970)
|
Alive er eit konsertalbum av det amerikanske countryrockbandet Nitty Gritty Dirt Band, utgjeve i 1969. Liberty Records gav ut albumet etter at den originale utgåva av bandet vart oppløyst, og før den neste utgåva av bandet signerte ny kontrakt med dei. John McEuen sa seinare «me spelteinn dette albumet på The Troubador og det var haugevis med utstyr på scenen fordi Poco skulle spele same kvelden som oss.»[1] Konserten må derfor ha vore 6. eller 7. desember 1968.[2] Denne utgåva av bandet vart oppløyst få veker etter denne konserten.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
Allmusic-skribenten Bruce Eder gav albumet fire av fem stjerner og skreiv «Kor mange konsertalbumet -- gløym dei som er greie nok -- vart etterlatne av band i 1967-1968? Dette er ei av dei, og ho er betre enn ok, og nesten ei gåve frå himmelen, og fangar ein tidleg inkarnasjon av gruppa (kring 1967) på ein god kveld på The L.A. Troubadour. Nokon har fortent ein stad i den musikalske himmelen for å ha teke avgjersla om å ta opp dette showet.».[4]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Crazy Words, Crazy Tune» | Jack Yellen, Milton Ager | 1:39 |
2. | «Buy for Me the Rain» | Steve Noonan, Greg Copeland | 3:12 |
3. | «Candy Man» | Rev. Gary Davis | 2:36 |
4. | «Foggy Mountain Breakdown» | Earl Scruggs | 5:04 |
5. | «Rock Me Baby» | B.B. King, Jules Taub | 5:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Fat Boys (Can Make It in Santa Monica)» | Jeff Hanna, Chris Darrow | 1:41 |
7. | «Alligator Man» | Floyd Chance, Jimmy C. Newman | 3:43 |
8. | «Crazy Words, Crazy Tune» | Jack Yellen, Milton Ager | 3:48 |
9. | «Goodnight, My Love, Pleasant Dreams» | George Motola, John Marascalco | 10:11 |
Medverkande
endre- Ralph Barr – gitar, kazoo, solovokal på «Crazy Words, Crazy Tune»
- John McEuen – banjo, piano, trekkspel, tamburin
- Jeff Hanna – rytmegitar, vaskebrett, munnspel, trommer, solovokal
- Jimmie Fadden – trommer, munnspel, vaksebaljebass, krukke, solovokal på «Rock Me Baby»
- Les Thompson – bass
- Chris Darrow – fele, mandolin, solovokal på «Alligator Man» og «Goodnight, My Love, Pleasant Dreams»
Produksjon
endre- Produsent – Dallas Smith
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alive (Nitty Gritty Dirt Band album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alive/Rare Junk, The Nitty Gritty Dirt Band, BGO Records BGOCD245 (1994) CD
- «Alive», The Nitty Gritty Dirt Band, Liberty LST-7611 (1969) LP
- ↑ Bronson, Harold (January 1972). «Getting Down to the Nitty Gritty With The Dirt Band». Coast.
- ↑ «Nitty Gritty Dirt Band Family Tree - Shows List». November 2010. Henta 22. oktober 2016.
- ↑ Bruce Eder. «Allmusic review». Rovi Corporation. Henta 5. januar 2011.
- ↑ Eder, B. Allmusic Review henta 24. oktober 2020