Opna hovudmenyen
All Tomorrow's Parties
Singel av The Velvet Underground
frå albumet The Velvet Underground & Nico
B-side «I'll Be Your Mirror»
Utgjeve Juli 1966 (singel)
Mars 1967 (album)
Innspelt April 1966 i Scepter Studios i New York City
Sjanger Eksperimentell rock, kunstrock, psykedelisk pop
Lengd 2:49 (singel)
6:00 (album)
Selskap Verve Records (VK10427)
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Andy Warhol
The Velvet Underground-kronologi
All Tomorrow's Parties «Sunday Morning»
(1966)


«All Tomorrow's Parties» er ein song av The Velvet Underground, skriven av Lou Reed og gjeven ut på debutalbumet til gruppa i 1967, The Velvet Underground & Nico.

I følgje Reed kom inspirasjonen til songen frå då Reed observerte Andy Warhol-klikken og han skildra forskjellige folk ved the Factory på denne tida. «Eg såg Andy. Eg såg Andy observere alle andre. Eg kunne høyre folk sei dei mest fantastiske ting, dei sprøaste ting, dei morosamaste ting, dei tristaste ting».[1] Songen vart favoritten til Andy Warhol av The Velvet Underground.[2]

Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut som singel i juli 1966 med «I'll Be Your Mirror» som b-side. Songen er om lag halvparten så lang som albumversjonen. Songen nådde ikkje singellista.

InnspelingEndra

Songen vart spelt inn i Scepter Studios i New York i april 1966. Han har eit pianomotiv spelt av John Cale, hovudsakleg basert på tonegrupper. Det var eina v dei første popsongane som nytta handsama piano[3].

Nico syng solovokal.

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. Fricke, David (1995). Peel Slowly and See liner notes, s.22
  2. Harvard, Joe (2007) [2004]. The Velvet Underground & Nico. 33⅓. New York, NY: Continuum International Publishing Group. s. 107 / 109–110. ISBN 0-8264-1550-4. 
  3. Mitchell, Tim Sedition and Alchemy : A Biography of John Cale, 2003, ISBN 0-7206-1132-6
  4. http://www.covermesongs.com/2010/08/full-albums-the-velvet-underground-nico.html