All by Myself
All by Myself Singel av Eric Carmen frå albumet Eric Carmen | ||
B-side |
«Everything» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1. desember 1975[1] | |
Sjanger | Pop[2] | |
Lengd | 7:10 (album version) 4:22 (singel) | |
Selskap | Arista | |
Komponist | Eric Carmen, Sergej Rakhmaninov | |
Tekstforfattar | Eric Carmen | |
Låtskrivar(ar) | Eric Carmen | |
Produsent | Jimmy Ienner | |
Eric Carmen-kronologi | ||
All by Myself | «Never Gonna Fall in Love Again» (1976)
|
«All by Myself» er ein ballade av den amerikanske musikaren Eric Carmen gjeve ut i 1975. Verset er basert på den andre satsen (Adagio sostenuto) av Sergej Rakhmaninov sin Pianokonsert nr. 2 i c-moll, Opus 18. Refrenget låner frå songen «Let's Pretend» som Carmen hadde spelt inn med Raspberries i 1972.[3]
Songen vart først gjeven ut på det første soloalbumet til Carmen, etter han slutta i powerpopgruppa Raspberries og vart gjeven ut som den første singelen hans i desember 1975 til stor suksess. Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100, førsteplassen på Cash Box Top 100 Singles og tredjeplassen i Canada. Singelen selde meir enn 1 million eksemplar i USA og fekk gullplate i april 1976.[4] «All By Myself» var den første av åtte singlar Carmen fekk inn på topp 40 i USA. I Storbritannia vart det den einaste hitten hans, med ein 12. plass. I ei sjåarundersøking i Storbritannia i 2006 om kva som var den beste kjærleiksbrotssongen, hamna denne versjonen til Carmen på 17. plass.
Carmen trudde at musikken til Rachmaninoff var offentleg eige og at det ikkje lenger var opphavsrett på musikken. Då albumet kom ut vart Carmen difor kontakta av Rachmaninoff-boet som kunne informere han om at slik var det ikkje.[5] Det vart kom til semje om at boet skulle få 12% av inntektene til «All By Myself» og «Never Gonna Fall in Love Again», som var basert på den tredje satsen av Rachmaninoff sin Symfoni nr. 2.[6][7]
Songen vart sidan spelt inn av mange andre artistar, som Celine Dion, Frank Sinatra, Igudesman & Joo og Il Divo.
Carmen-versjonen vart nytta i ein episode av Venner for livet og That 70's Show. Han vart òg nytta i filmen Under Wraps.
Lister
endreListe (1976) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] | 15 |
Canada Top Single (RPM) | 3 |
Irland (IRMA) | 16 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] | 10 |
New Zealand (RIANZ)[10] | 6 |
UK Singles (The Official Charts Company) | 12 |
U.S. Billboard Hot 100 | 2 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 6 |
Årslister
endreÅrsliste (1976) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[11] | 40 |
Celine Dion-versjonen
endreAll by Myself Singel av Celine Dion frå albumet Falling into You | ||
Utgjeve | 7. oktober 1996 | |
Innspelt | 1995: The Record Plant, Compass Point, Capitol Studios | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 5:09 (album version) 4:30 (singel) 3:54 (radio edit) | |
Selskap | Columbia, Epic | |
Komponist | Eric Carmen, Sergej Rakhmaninov | |
Tekstforfattar | Eric Carmen | |
Låtskrivar(ar) | Eric Carmen, Sergei Rachmaninoff | |
---|---|---|
Produsent | David Foster | |
Celine Dion-kronologi | ||
«The Power of the Dream» (1996) |
All by Myself | «Les derniers seront les premiers» (1996)
|
Ein av dei mest kjende coverversjonane av «All by Myself» vart spelt inn av Celine Dion i 1996. Det var den fjerde hitten hennar frå albumet Falling into You.[12] Han vart produsert av David Foster i Compass Point Studios på Bahamas og gjeven ut 7. oktober 1996 i Europa, 13. januar 1997 i Australia og 11. mars 1997 i Nord-Amerika.
Det vart laga tre musikkvideoar for singelen. Den første kom i oktober 1996.
Dion framførte ofte songen på turneane sine, TV-show og musikkshow. Ein versjon frå Talking Chances-turneen i 2008-2009 finst på Taking Chances World Tour: The Concert.[13]
Dion spelte òg inn ein spansk versjon av «All by Myself», kalla «Sola Otra Vez». Han vart gjeven ut på den latinamerikanske og spanske utgåva av singelen og kom sidan ut på samlealbumet.[14]
«All by Myself» vart ein av dei største hittane til Dion i USA, der han nådde toppen av Hot Adult Contemporary Tracks (i tre veker) og Latin Pop Airplay (to veker). Han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og femteplassen på Hot 100 Singels Sales). Singelen gjekk òg inn på topp 10-lista i Frankrike, Storbritannia, Vallonia i Belgia og i Irland. Han selde til gullplate i fleire land.
Songen finst på somme utgåve av samleplatene All the Way… A Decade of Song i 1999 og på My Love: Essential Collection i 2008.
Lister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Kjende versjonar
endreÅr | Artist/gruppe | Merknad |
---|---|---|
1976 | Frank Sinatra | album Live Unreleased |
1977 | Barry Williams | TV Show The Brady Bunch Variety Hour |
1977 | Hank Williams jr. | album One Night Stands |
1977 | Karel Gott | Version «My Brother Jan» about Czechoslovak student Jan Palach who burned himself to death as a protest against Soviet occupation of Czechoslovakia.[treng kjelde] In 2003, Gott sang also the German version «Mein letztes Lied." |
1977 | Valeria Lynch | «Olvidame» spansk versjon på albumet Mujer |
1980 | Tom Jones | DVD Tom Jones Live in Las Vegas |
1982 | Shirley Bassey | album All by Myself |
1987 | Luis Miguel | album Soy Como Quiero Ser |
1989 | Eartha Kitt | album I'm Still Here ("All by Myself/Beautiful at Forty") |
1994 | Margaret Urlich | album The Deepest Blue |
1994 | Sheryl Crow | singel «Run Baby Run» |
1994 | Johnny Maestro & The Brooklyn Bridge | album Acappella |
1995 | Jewel | Filmen Clueless. Han vart ikkje gjeven ut på filmmusikkalbumet |
1995 | Babes in Toyland | album Nemesisters |
1995 | Jan Werner Danielsen | album All By Myself |
1996 | Michael Ball | album First Love |
1996 | Celine Dion | album Falling into You |
1996 | Jimmy Zámbó | album Mit akarsz a boldogságtól? |
1998 | Harland Williams | Film Half Baked |
1999 | Marcela Holanová | album Zůstávám dál |
2001 | Jamie O'Neal | Filmmusikkalbumet Bridget Jones's Diary |
2002 | Richard Clayderman | album All by Myself (instrumental) |
2003 | Erika Alcocer Luna | album La Academia 2. Vol. 11: La Gran Final |
2003 | Giulia Ottonello | album Amici - I Ragazzi del 2003 |
2004 | Ryohei Yamamoto | singel «Set Free» |
2004 | Marco T | album «Marco T Lirico» (En Concierto- Colombia) |
2004 | Eddie Murphy | Film Shrek 2 |
2005 | LaToya London | album Love & Life |
2005 | Il Divo | album Ancora |
2005 | Amici Forever | album Defined |
2005 | Myriam Abel | Nouvelle Star |
2006 | Leona Lewis | The X Factor-vinnaren Leona Lewis framførte songen i finalen. |
2006 | Julie Zenatti | album Comme vous |
2007 | Lazlo Bane | album Guilty Pleasures |
2007 | Ricardo Montaner | album Las Mejores Canciones de Mundo |
2007 | John Barrowman | album Another Side |
2008 | The Rescues | Film Superhero Movie |
2008 | Only Men Aloud! | album Only Men Aloud! |
2009 | Jayma Mays | TV Show Glee |
2009 | Monika Absolonová | Zůstávám dál |
2010 | Helene Fischer | Tour «So wie ich bin» / Album «Live - So wie ich bin" |
2010 | Sally Chatfield | The X Factor Australia runner-up Sally Chatfield performed the song on the week 6 Blockbuster Hits theme night |
2010 | Nicola Sedda | album No Compromise (CDS) |
2011 | Paul Byrom | This Is The Moment (CD) Shanachie label |
2013 | Valerio Scanu | album Valerio Scanu Live in Roma (CD+DVD) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «All by Myself» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hogya, Bernie (2005). «"All By Myself» 30th Anniversary». EricCarmen.com. Arkivert frå originalen 19. september 2011. Henta 26. mai 2011.
- ↑ All by Myself - Eric Carmen on AllMusic
- ↑ Gordon Pogoda (1991). «An Interview with Eric Carmen». ericcarmen.com. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 27. januar 2015.
- ↑ RIAA - Gold and Platina - Search Results - Eric Carmen singles
- ↑ «The Cliff Richard Recording Catalogue 1958-2010». 2010. Henta 27. januar 2015.
- ↑ Soeder, John. «One Lonely Song, But Many Voices Keep Eric Carmen's Tear-Jerker in Rotation» The Plain Dealer February 12, 2006: J1
- ↑ Vandeventer, Mary. «Symphony Promises a Crowd Pleaser» The Beaumont Enterprise January 19, 2007
- ↑ "Ultratop.be – Eric Carmen – All By Myself" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Eric Carmen search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ "Charts.org.nz – Eric Carmen – All By Myself". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ «Billboard Top 100 - 1976». Arkivert frå originalen 11. juni 2009. Henta 24. november 2012.
- ↑ Falling into You Arkivert 2008-09-15 ved Wayback Machine.. Retrieved January 31, 1996.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. mai 2014, henta 27. januar 2015
- ↑ «LOS DIEZ: The Spanish Version's Ten Best». Arkivert frå originalen 27. januar 2012. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself (Song)». Hung Medien. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself (Song)» (på tysk). Hung Medien. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself» (på nederlandsk). Ultratop & Hung Medien. Henta 26 September 2014.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself» (på fransk). Ultratop & Hung Medien. Henta 26 September 2014.
- ↑ «Adult Contemporary - Volume 65, No. 8, April 28 1997». RPM. 28 April 1997. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Adult Contemporary - Volume 65, No. 8, April 28 1997». RPM. 28 April 1997. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself (chanson)» (på fransk). Hung Medien. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Dion, Celine: Single-Chartverfolgung» (på tysk). PHONONET GmbH. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «The Irish Charts». IRMA. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself (Song)». Hung Medien. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself (Song)». Hung Medien. Arkivert frå originalen 8. juli 2012. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself (Song)». Hung Medien. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Céline Dion - All by Myself». Hung Medien. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Celine Dion: Singles». OCC. Henta 27. januar 2015.
- ↑ "Dion?f=379&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 27. januar 2015.
- ↑ "Dion?f=341&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 27. januar 2015.
- ↑ "Dion?f=343&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 27. januar 2015.
- ↑ "Dion?f=363&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Latin Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 27. januar 2015.
- ↑ "Dion?f=381&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 27. januar 2015.
- ↑ "Dion?f=340&g=Albums Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Latin Tropical Airplay for Celine Dion. Prometheus Global Media.
- ↑ «Rapports annuels 1996» (på fransk). Ultratop. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Classement Singlar - année 1996» (på fransk). SNEP. Arkivert frå originalen 15. september 2012. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Top Singlar - Volume 66, No. 15, December 15 1997». RPM. 15 December 1997. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Adult Contemporary - Volume 66, No. 15, December 15 1997». RPM. 15 December 1997. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «Top 100 Hits for 1997». LongboredSurfer.com. Henta 27. januar 2015.
- ↑ «The Year in Music». Billboard. Prometheus Global Media. 27 December 1997. Henta 27. januar 2015.