Céline Marie Claudette Dion (fødd 30. mars 1968 ) er ein kanadisk songar frå Charlemagne i den fransktalande provinsen Quebec i Canada . Ho er spesielt kjend for songen «My Heart Will Go On » frå filmen Titanic frå 1997.
Céline Dion Fødd 30. mars 1968 (56 år)Fødestad Charlemagne Fødenamn Céline Marie Claudette Dion Opphav Canada Aktiv 1980– Sjanger pop , elektronisk dansemusikk , rock , adult contemporary , danse-pop , poprock , softrock , chanson Instrument piano , vokal Stemmetype sopran Plateselskap Columbia Records , 550 Music , Epic Records , CBS Records International , Legacy , Sony Music Canada , Sony BMG Verka som songar , skodespelar , stemmeskodespelar , pianist , restauratør , komponist , filmskodespelar , plateartist Mor Thérèse Dion Far Adhémar Dion Gift med René Angélil Born René-Charles Angelil , Nelson Angélil , Eddy Angélil Prisar Ridder av Æreslegionen , ridder av Ordre des Arts et des Lettres , Companion of the Order of Canada , offiser av Québecs nasjonalorden , Gaming Hall of Fame , æresdoktor ved université Laval , Canada’s Walk of Fame , stjerne på Hollywood Walk of Fame , Billboard Music Award for Icon , Chopard Diamond award , æresdoktor ved Berklee College of Music , Order of Canada , Québecs nasjonalorden , ordre de la Pléiade , Dronning Elisabeth IIs gulljubileumsmedalje , Queen Elizabeth II Diamond Jubilee Medal , American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist , American Music Award for Favorite Adult Contemporary Artist , Arion Music Awards , Bambi-prisen , Banff World Media Festival , Grammy Award for Best Pop Performance by a Duo or Group with Vocals , Grammy Award for Album of the Year , Blockbuster Entertainment Awards , Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals , Grammy Award for årets innspilling
Céline Dion syng «God Bless America» om bord på USS Harry S. Truman 2. mai 2002
Celine Dion byrja karrieren sin som lokal artist i Quebec, men vart etterkvart godt kjend i heile den fransktalande verda. Det første albumet hennar, La Voix du Bon Dieu , kom ut i 1981. Ho har også tatt spranget over i den engelskspråklege platemarknaden. Dette skjedde ved lanseringa av det første engelskspråklege albumet hennar, Unison i 1990. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame .
I Noreg vart Dion første gong lagt merke til av eit større publikum i 1988 da ho stilte opp for Sveits i Eurovision Song Contest i Dublin og vann med songen «Ne partez pas sans moi».