Alltid fleire dagar

Alltid fleire dagar er debutromanen til Ragnar Hovland, og kom ut i 1979. Sentrale personar i boka er «eg-personen», Bell, Silver, Miki, Lilly (den sjuke jenta), han far, katten hans far (som likar westernfilmar, men hatar moderne musikk) og Abelsen.

Boka fylgjer «eg-personen», Bell, Silver og Miki (og stundom Lilly) gjennom oppveksten i ei bygd måteleg langt frå Bergen. Etter nokre år under sterk påverknad av øl, brennevin og ein heisen hang etter jenter, spreier dei seg for alle vindar.

Deretter reiser «eg-personen» til Bergen for å studera og ta seg arbeid. Han får spela piano på ein café, so han tener til husleiga og drikka.

I heimbygda går striden om EF heftig for seg, der tilsynelatande bymannen Abelsen står åleine mot resten av bygda.

Bakgrunnsstoff endre