Alma Cogan
Alma Angela Cohen, med kunstnarnamnet Alma Cogan, (19. mai 1932–26. oktober 1966) var ein britisk popartist på 1950- og 60-talet.
Alma Cogan | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Whitechapel | ||
Død | 26. oktober 1966 (34 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Alma Angela Cohen | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1952–1966 | ||
Sjanger | popstandardard, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | His Master's Voice, Columbia Records | ||
Verka som | songar |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreCogan var fødd i ein jødisk familie i Whitechapel i London.[1] Slekta til faren, Mark Cohen, som opphavleg hadde hatt etternamnet Kogin, kom til Storbritannia til frå Russland, medan familien til mora, Fanny Carp, var flyktningar frå Romania.[2] Alma hadde to sysken, den seinare skodespelaren Sandra Caron, og Ivor Cogan.[3] Arbeidet til Mark medførte mykje flytting. Ein av dei tidlege heimane til Alma var over undertøyforretninga hans i Worthing i Sussex.
Sjølv om Alma Cogan var jødisk gjekk ho på St Joseph's Convent School i Reading.[4] Far hennar var songar, men det var mora som hadde håpa om at begge døtrene skulle gå inn i underhaldningsindustrien. Ho hadde sjølv verka som pianist, og kalla opp Alma etter stumfilmstjerna Alma Taylor. Dottera opptredde offentleg for fyrste gong som tiåring, på ein velgjerdskonsert i Reading.[1]
Songar
endreCogan byrja som vokalist i eit orkester allereie som femtenåring. Ho opptredde så på varietear før ho kom til London, der ho var med i koret i musikalen High Button Shoes.[1] I 1952 blei ho kjend som vokalist, og var blant dei største plateartistane i England i perioden 1955-1960. Cogan opptredde mykje på radio på BBC Light Programme, Gently Bentley, Take It From Here og The Forces Show. Ho fjernsynsdebuterte i 1954 i Garrison Theatre. Seinare blei ho fast songar i serien Running Wild med komikarduoen Morecambe and Wise.[1]
Den fyrste innspelinga til Cogan var «Red Silken Stockings», men den fyrste utgjevinga hennar var singelen «To Be Worthy Of You»/«Would You», som blei spelt inn på 20-årsdagen hennar i 1952. I 1953 spelte Cogan inn «If I Had A Golden Umbrella», og byrja å le under prøvane. Denne latteren byrja ho bruka medan ho song på fleire innspelingar, og ho blei etterkvart kjend som «The girl with the laugh in her voice».[1] Den fyrste LP-en hennar (I Love to Sing) blei gitt ut i 1958.
På slutten av 1950-talet budde Cogan i lag med mora og systera i ein leilegheit i Kensington, der dei heldt ei rekkje festar og der mange kjende folk frå underhaldningsbransjen vanka. Musikalkomponisten Lionel Bart, skodespelaren Stanley Baker og Beatles-medlemmar var blant gjestane, og Paul McCartney skreiv melodien til «Yesterday» her.[1]
Nokre av dei største internasjonale suksessane hennar var låtar som «Tell Him» (1963), «Tennessee Waltz» (1964) og «The Birds And The Bees» (1965). I England var ho likevel som mest populær i slutten av 1950-talet og i byrjinga av 1960-talet. Dei nemnde titlane blei aldri dei heilt store hittane i Storbritannia, men blei større i Sverige og Danmark.
I England var Cogan kjend for låtar som «Willie Can», «Why Do Fools Fall in Love», «Sugartime», «Just Couldn't Resist Her With Her Pocket Transistor» og låten «Dreamboat»', som blei ein listetopp i 1955. Trass i manglande listesuksessar som plateartist i England i 1960-åra var ho framleis populær sceneartist i heimlandet sitt, med både eigne framføringar og som musikalartist i musikalen Oliver.
Cogan hadde også eit repertoar av balladar, og var ein populær sceneartist. Det er gitt ut fleire cd-bokser med repertoaret hennar. Balladerepertoaret til Cogan blei lenge spelt hyppig på BBC radio 2, særleg i programmet David Jacobs Collection.
Trass i alvorleg kreftsjukdom opptredde Cogan inn til det siste. Etter ein operasjon i 1965 drog ho på turné i Sverige i 1966, for plata Hello Baby, som var spelt inn eksklusivt for landet. Ho svima av under turneen og blei henta heim til London. Ho døydde på Middlesex Hospital i London, berre 34 år gammal.[1]
Diskografi
endreSinglar
endre- 1952 – To Be Worthy Of You / Would You
- 1952 – To Be Loved By You / The Homing Waltz (duett med Les Howard)
- 1952 – Meet Me on the Corner
- 1952 – Waltz of Paree / Pretty Bride
- 1952 – Half as Much (coverlåt av Rosemary Clooney) / Blue Tango
- 1952 – I Went to Your Wedding (coverlåt av Patti Page) / You Belong to Me (coverlåt av Jo Stafford)
- 1952 – If'n (duett med Denny Dennis)
- 1952 – Take Me In Your Arms and Hold Me / Wyoming Lullaby
- 1953 – Till I Waltz Again with You (coverlåt av Teresa Brewer) / Happy Valley Sweetheart
- 1953 – If I Had a Penny / Hold Me, Thrill Me, Kiss Me (coverlåt av Karen Chandler)
- 1953 – On The First Warm Day / (Les Howard solo)
- 1953 – Till They've All Gone Home / Hug Me A Hug
- 1953 – If I Had a Golden Umbrella / Mystery Street
- 1953 – My Love, My Love (coverlåt av Joni James) / Wasted Tears
- 1953 – Over and Over Again / Isn't Life Wonderful (duett med Les Howard)
- 1954 – Ricochet (Rick-O-Shay) (coverlåt av Teresa Brewer) / The Moon Is Blue
- 1954 – Bell Bottom Blues (coverlåt av Teresa Brewer) / Love Me Again
- 1954 – Make Love to Me (coverlåt av Jo Stafford) / Said the Little Moment
- 1954 – Little Shoemaker (coverlåt av The Gaylords) / Chiqui-Chaqui (Chick-ee Chock-ee)
- 1954 – Jilted (coverlåt av Teresa Brewer) / Do, Do, Do, Do, Do, Do It Again (duett med Frankie Vaughan)
- 1954 – Little Things Mean a Lot (coverlåt av Kitty Kallen) / Canoodlin' Rag
- 1954 – Skinnie Minnie (coverlåt av Teresa Brewer) / What Am I Going To Do, Ma
- 1954 – This Ole House (coverlåt av Rosemary Clooney) / Skokiaan (ein av mange versjonar av songen)
- 1954 – I Can't Tell a Waltz from a Tango (coverlåt av Patti Page) / Christmas Cards
- 1954 – (Don't Let The) Kiddygeddin' / Mrs Santa Claus
- 1955 – Paper Kisses / Softly Softly
- 1955 – Mambo Italiano (coverlåt av Rosemary Clooney) / The Naughty Lady of Shady Lane (coverlåt av The Ames Brothers)
- 1955 – Tweedle Dee (coverlåt av Lavern Baker) / More Than Ever Now
- 1955 – Tika Tika Tok / Chee Chee Oo Chee
- 1955 – Dreamboat / Irish Mambo
- 1955 – Where Will The Dimple Be? (coverlåt av Rosemary Clooney) / Keep Me in Mind
- 1955 – Got'n Idea / Give A Fool A Chance
- 1955 – The Banjo's Back in Town / Go On By
- 1955 – Hernando's Hideaway (en av mange coverversjoner) / Blue Again
- 1955 – Never Do a Tango with an Eskimo / Twenty Tiny Fingers
- 1956 – Love and Marriage (coverlåt av Frank Sinatra) / Sycamore Tree
- 1956 – Willie Can / Lizzie Borden
- 1956 – Don't Ring-A Da Bell / Bluebell
- 1956 – It's All Been Done Before (duett med Ronnie Hilton) / No Other Love (Ronny Hilton solo)
- 1956 – Why Do Fools Fall In Love (coverlåt av Frankie Lymon & the Teenagers) / The Birds and the Bees
- 1956 – Mama, Teach Me to Dance / I'm in Love Again
- 1956 – In the Middle of the House (coverlåt av Rusty Draper) / Two Innocent Hearts
- 1957 – You, Me, and Us / Three Brothers
- 1957 – Whatever Lola Wants (Lola Gets) / Lucky Lips
- 1957 – Chantez, Chantez (coverlåt av Dinah Shore) / Funny Funny Funny
- 1957 – Fabulous / Summer Love (coverlåt av Joni James)
- 1957 – That's Happiness / What You've Done To Me
- 1957 – Party Time / Please Mister Brown
- 1958 – The Story of My Life (coverlåt av Marty Robbins / Michael Holliday) / Love Is
- 1958 – Sugartime (coverlåt av The McGuire Sisters) / Gettin' Ready for Freddy
- 1958 – Stairway of Love (coverlåt av Michael Holliday) / Comes Love
- 1958 – Sorry Sorry Sorry / Fly Away Lovers
- 1958 – There's Never Been a Night / If This Isn't Love
- 1959 – Last Night on the Back Porch / Mama Says
- 1959 – Pink Shoelaces (coverlåt av Dodie Stevens) / The Universe
- 1959 – We Got Love / I Don't Mind Being All Alone
- 1960 – Dream Talk / O Dio Mio
- 1960 – The Train of Love / The 'I Love You' Bit (duett med Oscar Nebish/Lionel Bart)
- 1960 – Just Couldn't Resist Her With Her Pocket Transistor / Must Be Santa
- 1961 – Cowboy Jimmy Joe / Don't Read The Letter
- 1961 – With You In Mind / Ja-Da
- 1961 – All Alone / Keep Me in Your Heart
- 1961 – She's Got You (coverlåt av Patsy Cline) / In the Shade of the Old Apple Tree
- 1962 – Goodbye Joe / I Can't Give You Anything but Love, Baby
- 1963 – Tell Him (coverlåt av The Exciters) / Fly Me to the Moon
- 1963 – Hold Out Your Hand You Naughty Boy / Just Once More
- 1964 – The Tennessee Waltz (coverlåt av Patti Page) / I Love You Too Much
- 1964 – It's You / I Knew Right Away
- 1964 – Snakes And Snails / How Many Nights, How Many Days
- 1965 – Eight Days a Week / Help! (begge er coverlåtar av Beatles)
- 1965 – Love Is A Word / Now That I've Found You
- 1966 – Now That I've Found You / More
- 1966 – Love Ya Illya / I Know You (under namnet «Angela and the Fans»)
LP
endre- 1958 – I Love to Sing
- 1961 – With You In Mind
- 1962 – How About Love?
- 1965 – Oliver! med Stanley Holloway og Violet Carson
- 1967 – Alma
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Alma Cogan». Oxford Dictionary of National Biography. Henta 5. april 2015. (krev abonnement)
- ↑ Mantel, Hilary (24. september 1992). «On the Edge». The New York Review of Books. Henta 14. mars 2011.
- ↑ «The Crystal Maze gives us out first look at Maureen Lipman as Mumsey». Metro.
- ↑ «Alma Cogan». mp3.com. Henta 26. november 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Alma Cogan» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2024.