Alnestunnelen er namnet på to tunnelarGodøya i Giske kommune i Møre og Romsdal. Den nye Alnestunnelen er 1493 meter lang og går gjennom Sloktinden mellom Støbakk og Alnes. Han har gangfelt og eitt køyrefelt med møteplassar for kvar 250–300 meter. Total vegbreidde er 4,0 meter. Planlegginga av tunnelen gjekk raskt. Etter fleire stein- og jordras og mislykka forsøk på rassikring av vegen på nordsida av øya i 2004, vedtok Møre og Romsdal fylkesting hausten 2004 at tunnelen skulle byggast. Tunnelarbeidet starta 18. august 2005, gjennomslaget kom 28. april 2006, og tunnelen blei opna 14. desember 2006. Tunnelen er ein del av Fylkesveg 127 i Møre og Romsdal.

Alnestunnelen
Opna2006
Kart
Alnestunnelen
62°28′49″N 6°00′00″E / 62.48023889°N 6°E / 62.48023889; 6

Tunnel- og vegprosjektet kosta 97 millionar kroner.

Den gamle Alnestunnelen er 205 meter lang og er ein del av den gamle, no nedlagde fylkesvegen på nordsida av øya, under Valkveegga vest for Valkveet.

Sjå også

endre

Bakgrunnsstoff

endre