Valderøytunnelen

Valderøytunnelen er ein undersjøisk tunnelriksveg 658 i Ålesund og Giske kommunar i Møre og Romsdal. Tunnelen går under Valderhaugfjorden mellom Hovset på Ellingsøya og YtrelandValderøya. Tunnelen er 4222 meter lang, den når 137 meter under havet, og største stigning er 8,5 %. Valderøytunnelen blei opna i 1987. Saman med Ellingsøytunnelen gav den ferjefritt vegsamband mellom Ålesund og Valderøya i Giske kommune, og dermed også ferjefritt samband til Ålesund lufthamn, VigraVigra.

Tunnelen var ein bomveg, bomstasjonen stod på Kverve på Ellingsøya. Bomperioden skulle opphavleg vare i 15 år, men på grunn av økonomiske problem hos tunnelselskapet, vart bompengeperioden forlenga til 22 år. Bompengeperioden opphøyrde i november 2009, og det er no gratis å bruke tunnelen.

Det er ikkje tillate for fotgjengarar og syklistar å ferdast i Valderøytunnelen.

Sjå også

endre

Bakgrunnsstoff

endre