Alónnisos

(Omdirigert frå Alonissos)

Alónnisos (gresk Αλόννησος), òg skrive Alonisos eller Alonissos, er ei øy vest i Egearhavet i Hellas. Øya er ein del av Dei nordlege Sporadane.

Alónnisos
Lokalt namn Αλόννησος
Alónnisos
Alónnisos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°07′N 23°43′E / 39.117°N 23.717°E / 39.117; 23.717
Øygruppe Dei nordlege Sporadane

Areal 64 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Sporadane
Største busetnad Patitíri (1 387 innb.)

Demografi
Folketal 3 138 (2021[1])
Folketettleik 21,2 /km²

Alónnisos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Magnisía prefektur, men frå 2011 inngår øya saman med Skiáthos og Skópelos i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía.[2]

Alónnisos ligg 3 km aust for Skópelos. Kommunen Alónnisos inkluderer fleire andre småøyar, mellom anna Adelfíøyane, Joúra, Kyrá Panajá, Peristéra, Pipéri, Psathoúra og Skándzoura.

På det breiaste er øya 4,5 km frå nordvest til søraust, og på den lengste 20 km frå sørvest til nordaust. Øya består stort sett av kalkstein. Alónnisos ligg aust for fastlandet i Hellas og Magnisía, nordaust for Évvia og nordvest for øya Skýros. Alónnisos har ein hovudveg som fører til tre landsbyar vest på øya og fleire unytta vegar rundt om på øya.

Alónnisos er òg namnet på hovudlandsbyen på øya. Han ligg sør på øya og vert lokalt kalla Khóra. Hovudhamna til øya, som òg er hovudsete i kommunen, ligg i søraust og heiter Patitíri. Frå her går det ferjer til Vólos, Ájos Konstandínos og Thessaloníki på fastlandet, og til øyane Skiáthos, Skópelos og Skýros.

I mellomalderen og fram til 1800-talet vart hovudlandsbyen kalla Khiliodrómia, som tyder «tusen vegar». Andre namn var Diadrómia og Iliodrómia.

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Patitíri 1 628 1 387
Alónnisos (Khóra) 208 792
Vótsi 473 709
Jérakas 62 92
Stení Vála 104 48

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Mourteró (25)
  • Isiómata (20)
  • Marpoúnda (15)
  • Kalamákia (9)
  • Ájos Pétros (8)

Småøyar i kommunen:

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre