Alumot
Alumot (hebraisk אֲלֻמּוֹת, tyder «Haugar») er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 243.[1]
Alumot | |||
אֲלֻמּוֹת, אלומות, Alummot | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Genesaretsjøen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emek HaYarden regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°42′24.48″N 35°32′45.59″E / 32.7068000°N 35.5459972°E | ||
Folketal | 243 (2012)[1] | ||
Grunnlagd | 1947 | ||
• Grunnlagd av | Elevar frå Ben Shemen jordbruksskule | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Alumot 32°42′24″N 35°32′46″E / 32.7068°N 35.545997222222°E | |||
Kart som viser Alumot.
| |||
Wikimedia Commons: Alummot |
Historie
endreAlumot vart grunnlagd i 1936 av ein kvutza av akademikarar frå Ben Shemen jordbruksskule.[2] I 1940 flytta gruppa mellombels til ein stad kalla «Poriya Alumot» (i dag Poria Illit). Dei livnærte seg av jordbruk og eit sanatorium, Beit Alumot. I 1947 grunnla dei ein permanent busetnad på ein ås oppom Genesaretsjøen. På grunn av vassmangel, og mangel på jordbruksland og nye medlemmar, vart kibbutzen oppløyst i 1969 og grunnlagd på ny året etter av emigrantar frå Argentina.[2]
Kjende innbyggjarar
endre- Shimon Peres, israelske statsminister og president[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alumot» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 25. februar 2014.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Dismantled kibbutz revived online, Haaretz
Bakgrunnsstoff
endre- Alumot museum Arkivert 2016-04-13 ved Wayback Machine. (he)