Opna hovudmenyen

Ben Shemen ungdomslandsby (hebraisk skrift כפר הנוער בן שמן, Kfar HaNo'ar Ben Shemen) er ein ungdomslandsby og jordbrukskostskule sentralt i Israel. Han ligg nær Ben Shemen og Ginaton og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 627.

Ben Shemen ungdomslandsby
כפר הנוער בן שמן
ungdomslandsby
Ben Shemen Youth Village IMG 8672.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 31°57′32.47″N 34°55′40.19″E
Grunnlagd 1927
 - Grunnlagd av Siegfried Lehmann
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ben Shemen Youth Village

HistorieEndra

 
Ben Shemen ungdomslandsby, 1920 til 1930-åra

Landsbyen vart grunnlagd i 1927 på landområdet til fabrikken Hadid av Siegfried Lehman. Målet var å gje born sionistisk etikk og lære dei å arbeide med jorda. Dei første elevane ved skulen kom frå Kaunas i Litauen. I dag har han kring 1 000 elevar, og 400 bur i landsby.

I 1947 hadde han eit folketal på kring 1 000.[1]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart den isolerte landsbyen kringsett av den arabiske legionen. Elleve ungdommar vart drepne i eit forsøk på å føre inn forsyningar.[1]

Kjende elevar har vore Shimon Peres, Shulamit Aloni, Moshe Katsav, Dan Ben Amotz, Micha Tomkiewicz, Amitai Etzioni og Haim Saban.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 16. 

BakgrunnsstoffEndra