Alv Askeland

norsk sokneprest, målmann og salmediktar

Alv Martin Askeland (fødd 6. oktober 1911 i Haugesund, død 11. august 2003) var ein norsk sokneprest, målmann og salmeforfattar.

Alv Askeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. oktober 1911
Død

11. august 2003 (91 år)

Yrke prest

Askeland studerte teologi ved Menighetsfakultetet og vart ordinert som prest i 1942. I 1945 gifta han seg med Sara Aga.[1] I perioden 1945–55 var han hjelpeprest i Tysnes. I tillegg til det vanlege prestarbeidet samla han mykje minnesmateriale frå området som inkluderte mange gamle tradisjonar frå 1800-talet.[2] Frå 1956 til 1978 var han sokneprest. Frå 1963 var han også prost i Nordre Sunnhordland prosti.

Askeland var den fyrste styreformannen i Norsk Bokreidingslag etter nyskipinga i 1971. Elles var han mellom anna med på å skipe Ivar Aasen-sambandet i 1965, og han var formann i Prestemållaget mellom 1970 og 1972. I ei rekkje år var han og ein sentral person i Vestmannalaget.

Gjennom arbeidet sitt bar han fram tanken om eit bygdeuniversitet, og dette vart i 1974 ein realitet gjennom den frilynte folkehøgskulen Raulandsakademiet.[3] Seinare motstod han norsk medlemskap i EU, og i 1997 gav ut ei bok som heitte Folkesuvereniteten, Stortinget og Grunnlovi: kontra norsk medlemskap i EU[4]

Alv Askeland gav ut salmesamlinga Kyrkjeljod i 1988. Siste delen av livet budde han på Utne, der kona hans var frå.

Verkliste endre

  • Kyrkjeljod. Salmar - eigne og umsette (Norsk Bokreidingslag, 1988)

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Sundalsslekt i Mauranger, del 2, Stord kommune[daud lenkje]
  2. Mikal Heldal, Preikesundag i Onarheim kyrkje Tysnes kystlag Arkivert 2013-10-02 ved Wayback Machine.
  3. Om Raulandsakademiet på nettstaden deira Arkivert 2010-02-21 ved Wayback Machine..
  4. Bokhylla.no