Alversund kyrkje
Alversund kyrkje er ei langkyrkje frå 1879, som står i Alversund i Alver kommune i Vestland fylke.
Alversund kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Alver | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordhordland | ||
Sokn | Alversund | ||
Fellesråd | Lindås | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jon Jonsen Alvær[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 27. mai 1879[1] | ||
• Endringar | Pussa opp til jubileet i 1979 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 200 sitjeplassar | ||
Alversund kyrkje 60°34′20″N 5°14′00″E / 60.5721°N 5.2333°E | |||
Wikimedia Commons: Alversund kyrkje |
Kyrkja er bygd i tre og har plass til 200 personar. Orgelet er bygd av J. H. Jørgensen i 1956 og har elleve stemmer, fordelt over to manualar pluss pedal.
Det har vore kyrkje i Alversund sidan mellomalderen. I Flateyarbok er ein prest Righardt ved «Aluiru» nemnd i 1127, men det er usikkert om det med «Aluiru» her er meint Alversund. Alversund-kyrkja er sikkert nemnd i ei kjelde frå 1329, og kring 1360 er ho omtala som «aluiru» i Bergen kalvskinn. Kyrkja som er omtala på 1300-talet og utover var mest truleg ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1600-talet, moglegvis i 1629. 1600-talskyrkja stod til ut i 1880-åra, då ho vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1879.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Alversund sokn i Nordhordland prosti. Alversund sokn høyrde til Hamre prestegjeld til 1885,[2] og deretter til Aldersund prestegjeld til prestegjeldsordninga vart nedlagt i 2004.
Kjelder
endre- Alversund kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Norges Kirker: «Alversund kirke»». Henta 9. april 2014. På nettstaden til NIKU og KA
- ↑ «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket, arkivert frå originalen 22. mars 2009, henta 2. april 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Om Alversund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no
- Alversund kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Alversund kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.