Amalie Snøløs (fødd 16. april 1996) er ein norsk påverkar, programleiar og tidlegare fotballspelar.[1]

Amalie Snøløs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1996 (28 år)
Yrke influensar, programleiar, fotballspelar

Fotballkarriere endre

Snøløs vaks opp på Birkeland i Agder. Ho byrja å spele fotball på moderklubben Birkenes IL. Ho vart teken ut på det norske J16-landslaget, til treningskamp mot England 5. juni 2012.[2] Snøløs var 16 år då ho vart teken opp i A-stallen til toppserielaget Amazon Grimstad FK.[3] Snøløs spela aktivt fram til 2017, då for Porsgrunn-klubben Urædd. Posisjonen hennar på fotballbanen var midtbanespelar.

Underhaldingsbransjen endre

Snøløs vart kjend for ålmenta då ho deltok i den trettande sesongen av Farmen i 2017, der ho enda på ein tredjeplass.[4] Året etter var ho ein av tolv norske kjendisar som svinga seg på Skal vi danse-parketten. Snøløs har også delteke i 4-stjerners middag, Huskestue og har hatt ei birolle i den tredje sesongen av fjernsynsserien Semester og i CLMD sin musikkvideo til låten «Trouble».[5][6] Hausten 2020 vart Snøløs programleiar i TV 2-serien «Blipp vs. Snøløs», saman med Stian Blipp.[7] Programmet gjekk ut på at dei to programleiarane var lagleiarar for kvart sitt e-sportlag, og skulle konkurrere om å løyse nye oppdrag i kvar episode.

Fotballklubbar endre

Under er ei oversikt over klubbar Snøløs har spela for:[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre