Amarildo Tavares
Amarildo Tavares da Silveira (fødd 29. juli 1939) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar kjend som Amarildo som i 1962 vart verdsmeister med det brasilianske landslaget.
Amarildo Tavares | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 29. juli 1939 (85 år) Campos dos Goytacazes |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1962 |
Karriere
endreKlubbspel
endreAmarildo var Botafogo-spelar frå 1958 til -63, skåra 45 mål på 85 kampar. I 1963 skreiv han kontrakt med AC Milan, som han vann Coppa Italia med i 1967. Straks etter flytta han over til Fiorentina, der han bidrog til at laget var seriemeister i 1969. Sidan var han aktiv 1970-72 for AS Roma, før han avslutta med 7 kampar for Vasco da Gama i heimlandet.
Landslagsspel
endreAmarildo spelte 22 landskampar for Brasil åra 1961-66 og skåra 7 mål. Under VM i fotball 1962 i Chile kom han inn på laget i staden for skadde Pelé. I finalen mot Tsjekkoslovakia utlikna han til 1–1 tidleg i kampen og spelte fri Zito som la på til 2–1.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amarildo Tavares da Silveira» frå Wikipedia på italiensk, den 28. februar 2024.