Amazonas
Geografisk plassering

Delstat i Brasil

Hovudstad Manaus
Flatevidd

 - Rangering i Brasil

1 570 947 km²

.

Folketal (2005)

 - Rangering i Brasil
 - Folketettleik

3 232 330

.
2,06/km²

Grunnlagd
Offisielle språk Portugisisk
Guvernør Jose Melo
Nettstad [http://offisielle nettsiden offisielle nettsiden]
Flagg
Flagg

Amazonas er største delstaten i Brasil, og ligg i nordre del av landet. Hovudstaden er Manaus. Nabodelstatar er (frå nord med klokka): Roraima, Pará, Mato Grosso, Rondônia og Acre. Delstaten grensar òg til Loreto-regionen i Peru, departementet Amazonas i Colombia, samt delstaten Amazonas i Venezuela.

Andre byar:

GeografiEndra

Amazonas er skogkledd, ligg i tropisk regnskog, og delstaten dekkjer store delar av regnskogen i Amazonas. Delstaten har namn etter Amazonaselva.

I denne delstaten finn ein òg det høgste fjellet i Brasil. Toppen av Pico da Neblina er på 2994 moh. og ligg i grenseområdet mot Venezuela.

Regnskogen i Amazonas vert normalt delt inn i tre kategoriar:

  • igapos - permanent land under vatn, røtene til vegetasjonen ligg alltid under vatn.
  • varzeas - høgare enn igapos, landet vert sett under vatn i flaumperiodar
  • lågplatå - høgste nivå, vert aldri sett under vatn.

ØkonomiEndra

Økonomien i Amazonas var tidlegare basert på eksport av gummi. I dag er økonomien meir variert og inkluderer blant anna jordbruksprodukt kor ein dyrkar cassava og appelsinar. Delstatshovudstaden Manaus er eit vektig produksjonssenter i Brasil, ei rekkje nasjonale og utanlandske føretak har fabrikkar i byen.

BakgrunnsstoffEndra