Rondônia
![]() | |
Hovudstad | Porto Velho |
Flatevidd
- Rangering i Brasil |
238 516 km² 13. |
Folketal () - Rangering i Brasil |
1241276 23. |
Grunnlagd | 1943 (skild ut som eige territorium) 1982 (delstatsstatus) |
Offisielle språk | Portugisisk |
Guvernør | Confúcio Moura |
Nettstad | www.rondonia.ro.gov.br |
Rondônia er ein delstat nordvest i Brasil. Delstaten grensar til delstatane Acre, Amazonas og Mato Grosso. I sør har han riksgrense mot Bolivia. Rondônia er ein av dei yngste delstatane i Brasil, og har sidan 1970-talet hatt ein kraftig folkevekst.
Delstadshovudstaden er Porto Velho, som har om lag 380 000 innbyggjarar. Andre byar er Ji-Paraná, Ariquemes, Vilhena og Cacoal.
Geografi Endra
Rondônia ligg i vestkanten av Amazonas, og størsteparten av delstaten er dekt av regnskog. Store skogmengder er blitt rydda etter at omfattande innflytting og nybygging tok til på 1970-talet.
Porto Velho ligg heilt vest i Rondônia, ved Madeira-elva, som er ei sideelv til Amazonas. I delstaten ligg også innsjøen Lago do Cuniã.
Historie Endra
Rondônia blei skild ut frå Mato Grosso i 1943 som Guaporé-territoriet etter ein politikk ført av president Getulío Vargas for å sikra grensene til Brasil. I 1956 blei territoriet gjeve namnet kalla Rondônia etter Candido Rondon, som leidde fleire ekspedisjonar i dei brasilianske grenseområda tidleg på 1900-talet. Det føderale territoriet fekk delstatsstatus i 1982.
På 1970-talet blei det etablert eit program kalla Pólo-Noroeste som skulle fremja innvandring til området. Dette markerte også byrjinga på kaffiplantasjane og kvegdrifta i regionen. Pólo-Noroeste-programmet auka folketalet i Rondônia frå 10 000 i 1970 til 1,5 millionar i 2004. Bortsett frå Porto Velho og Guajará-Mirim er alle byane i delstaten bygd av nybyggjarar omfatta av dette programmet. Etter sluttføringa av Pólo-Noroeste har dei føderale styresmaktene starta Planaforo-programmet som fokuserer meir på miljø og urfolk. Eit hovudområde i dette programmet er å definera grensene for urfolksreservat.
I 1980 blei vasskraftverket Samuel bygga. Dette kraftverket mogleggjorde ein stor auke i produksjonen av tømmer, mineral og matvarer og innan bygg og anlegg.
Økonomi Endra
Delstaten produserer trevirke, kaffi, gummi og kjøt frå kveg. Mais og ris er andre viktige jordbruksprodukt. Det føregår gruvedrift på gull og tinn.
Sidan slutten av 1990-talet har Rondônia byrja å tilretteleggja for auka turisme.
Frihandelsområdet Guajará-Mirim blei skipa i 1993. Dette området grensar til Bolivia og har ført til ein markert auke i handelen mellom Rondônia og Bolivia.
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell nettstad
- Rondonia Web. Engelsk nettstad driven av James Hayes-Bohanan.
Kjelder Endra
- «Rondônia» i Britannica Online Encyclopedia
- «História de Rondônia» Arkivert 2013-12-13 ved Wayback Machine., rondonia.ro.gov.br
- Denne artikkelen bygger på «Rondônia» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2012.