Manaus (/ mɑːˈnaʊs /; portugisisk: [mɐˈnaws, mɐˈnawʃ, maˈnaws]) er hovudstaden og den største byen i den brasilianske delstaten Amazonas. Det er den sjuande største byen i Brasil, med ei estimert folkesetting i 2019 på meir enn 2,1 millionar[1] fordelt over eit areal på omtrent 11 401 km2. Byen ligg i det austlege sentrumet av staten, og er sentrum av hovudstadsområdet Manaus og det største storbyområdet i Nord-regionen i Brasil etter bymasse. Det ligg nær samlaupet av elvene Río Negro og Amazonaselva.

Manaus
by
Collage Manaus.png
Øvste rekke: Río Negro-brua, operahuset. Nede til høgre: Fotballarenaen
Land Flag of Brazil.svg Brasil
Stat Amazonas i Brasil
Folketal 2 182 763 (folketeljing 2019)
Borgarmeister David Almeida

Manaus
3°6′0″ S 60°1′0″ W
Wikimedia Commons: Manaus

Byen vart grunnlagt i 1669 som fort 'São José do Rio Negro'. Han fekk bystatus i 1832 med namnet «Manaus», etter urfolksgruppa i Manaós.

Manaus ligg i sentrum av den største regnskogen i verda, og heimen til det nasjonale forskingssenteret for Amazonas, det vektigaste senteret for vitskaplege studiar i Amazonas-regionen og for internasjonale berekraftsspørsmål.[2] Byen har ei frihamn og ein internasjonal flyplass. I byen framstiller ein elektronikk, kjemiske produkt og såpe, der er destillasjon og skipsbyggingsindustri. Manaus eksporterer òg paranøtter, gummi, jute og palisanderolje. Han har ein katedral, operahus, zoologiske og botaniske hagar, ein økopark og regionale og urfolksmuseum.[3] Det var gummiboomen som gjorde Manaus til den rikaste byen i Sør-Amerika på slutten av 1800-talet. Mange velståande europeiske familiar busette seg i Manaus og brakte med seg kjærleiken til sofistikert europeisk kunst, arkitektur og kultur.

Manaus var ein av dei tolv brasilianske vertsbyane for verdsmeisterskapen i fotball, 2014, og dessutan ein av arrangørbyane for sommar-OL i 2016.

KjelderEndra

Referansar
  1. IBGE releases Population Estimates of municipalities for 2019 Arkivert 2019-08-28 ved Wayback Machine.
  2. «National Institute for Amazonia Research (INPA)». eubon.eu. Arkivert frå originalen 2019-07-14. Henta 14. juli 2019. 
  3. «Manaus - Encyclopedia.com». www.encyclopedia.com. Arkivert frå originalen 2019-02-07. Henta 5. februar 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Manaus