American Caesar
Studioalbum av Iggy Pop
Språk engelsk
Utgjeve September 1993
Studio Kingsway Studio i New Orleans og Bearsville Studios i New York i USA
Sjanger Hardrock[1]
Lengd 71:32
Selskap Virgin
Produsent Malcolm Burn
Iggy Pop-kronologi 
Brick by Brick
(1990)
American Caesar Naughty Little Doggie
(1996)


American Caesar er eit album frå 1993 av Iggy Pop. Etter suksessen med Brick by Brick heldt Pop fram det tekstmessige temaet frå dette albumet, medan han gjorde det musikalske grunnlaget tøffare. ALbumet vert derfor ofte rekna som eit av dei sterkaste albuma hans frå 90-åra.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Rolling Stone4/5 stars[2]

Omslaget på den britiske utgåva hadde følgjande tekst: «Parental Warning: this is an Iggy Pop record». Det vart laga musikkvideoar for «Wild America» og «Beside you». Andre nemneverdige augneblink på albumet er «Highway Song» og ein ambisiøs coverversjon av «Louie Louie» (gjort kjend av The Kingsmen) som Iggy skreiv sin eigen komiske og politiske tekst for. Han vart seinare nytta som opningsmelodi for Michael Moore-filmen Capitalism: A Love Story.

Den første singelen frå albumet «Wild America», nådde 25. plass på Modern Rock-lista i USA. Albumet selde ikkje like godt som føregangaren, men gjorde det godt i Storbritannia og selde bra i 90-åra i Amerika.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Iggy Pop, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Character»Pop, Eric Schermerhorn1:07
2.«Wild America»Pop, Schermerhorn5:52
3.«Mixin' the Colors» 4:49
4.«Jealousy» 6:04
5.«Hate» 6:56
6.«It's Our Love» 4:09
7.«Plastic & Concrete» 2:55
8.«Fuckin' Alone»Pop, Schermerhorn4:56
9.«Highway Song» 3:44
10.«Beside You»Steve Jones, Pop4:29
11.«Sickness» 3:15
12.«Boogie Boy» 4:53
13.«Perforation Problems» 3:15
14.«Social Life» 4:12
15.«Louie Louie»Richard Berry3:47
16.«Caesar»Pop, Schermerhorn7:09
17.«Girls of N.Y.» 4:15

Medverkande endre

  • Iggy Pop - gitar, vokal
  • Eric Schermerhorn - gitar
  • Malcolm Burn - gitar, klaverinstrument, munnspel
  • Hal Cragin - bass
  • Larry Mullins - trommer, perkusjon
  • Jay Joyce - gitar på «Wild America» & «Mixin' The Colours»
  • Bill Dillon - gitar på «Mixin' The Colours»
  • Darryl Johnson - perkusjon på «Mixin' The Colours»
  • Henry Rollins - korvokal på «Wild America»
  • Katell Keineg - korvokal på «Mixin' The Colours»
  • Lisa Germano - korvokal på «Beside You»
Teknisk
  • Mark Howard - innspeling
  • Trina Shoemaker - lydteknikar
  • Todd Vos - lydteknikar

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[3] Ingen 81 000[4]*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre