Brick by Brick
Brick by Brick Studioalbum av Iggy Pop | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1990 | |
Innspelt | 15. februar til 23. mars 1990 | |
Studio | Oceanway og Hollywood Sound i Hollywood i California | |
Sjanger | Hardrock[1] | |
Lengd | 54:09 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Don Was | |
Iggy Pop-kronologi | ||
---|---|---|
Instinct (1988) |
Brick by Brick | American Caesar (1993)
|
Brick by Brick er det tiande studioalbumet til den amerikanske songaren Iggy Pop, gjeve ut i juni 1990 av plateselskapet Virgin.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Etter å ha fått blanda kritikk for albuma sine gjennom heile 1980-åra, hyrte Pop inn Stooges-tilhengjaren Don Was som produsent, som seinare òg produserte Avenue B, og valde ein hardare rockestil. Mange av songane på albumet har tekstar som omhandlar faren for kulturelt forfall i USA.
Slash og Duff McKagan frå Guns N' Roses deltok begge på albumet som musikarar og låtskrivarar. Plateomslaget vart teikna av teikneserieteiknaren Charles Burns. Andre musikarar på albumet var Waddy Wachtel og Kenny Aronoff. Albumet var det første studioalbumet til Pop der han spelar gitar.
Albumet fekk noko av den beste kritikken Pop hadde hatt sidan samarbeida med David Bowie og «Candy», med The B-52's-vokalisten Kate Pierson, vart den første hitten hans på MTV. Videoen vart mykje spelt på kanalen. Det vart òg laga videoar for «Home», «Butt Town» og «Livin' On the Edge of the Night».
Albumet nådde 90. plassen på Billboard 200 i USA og låg på lista i 45 veker. Songen «Livin' On the Edge of the Night» vart gjeven ut før resten av albumet og på filmmusikkalbumet til filmen Black Rain med Michael Douglas og Andy García. Songen nådde 16. plass på Modern Rock Tracks. «Candy» nådde 30. plassen på Mainstream Rock Tracks, femteplassen på Modern Rock Tracks og 28. plassen på Billboard Hot 100. Den første singelen frå albumet, «Home», nådde andreplassen på Modern Rock Tracks.
Brick by Brick vart det første albumet til Igyy som selde til gullalbum i USA, meir enn 500 000 selde eksemplar. Etter albumet la Iggy ut på ein verdsturne. Konserten hans i 1991 i Paris vart filma og sidan gjeven ut på DVD. Fleire kjende tilhengjarar dukka opp på scenen med Iggy under turneen, som Johnny Depp.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Iggy Pop, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Home» | 4:00 | |
2. | «Main Street Eyes» | 3:41 | |
3. | «I Won't Crap Out» | 4:02 | |
4. | «Candy» | 4:13 | |
5. | «Butt Town» | 3:34 | |
6. | «The Undefeated» | 5:05 | |
7. | «Moonlight Lady» | 3:30 | |
8. | «Something Wild» | John Hiatt | 4:01 |
9. | «Neon Forest» | 7:05 | |
10. | «Starry Night» | 4:05 | |
11. | «Pussy Power» | 2:47 | |
12. | «My Baby Wants to Rock and Roll» | Pop, Slash | 4:46 |
13. | «Brick by Brick» | 3:30 | |
14. | «Livin' on the Edge of the Night» | Jay Rifkin | 3:07 |
Medverkande
endre- Iggy Pop - vokal, gitar
- Waddy Wachtel - gitar
- Charley Drayton - bass
- Chuck Domanico - bass
- Duff McKagan - bass
- Slash - sologitar
- Jamie Muhoberac - klaverinstrument
- Kenny Aronoff - trommer
- David Lindley - fiolin, mandolin
- David McMurray - saksofon
- Kate Pierson - duett på «Candy»
- John Hiatt - duett på «Starry Night»
- Scott Hackwith - korvokal
- Sweet Pea Atkinson - korvokal
- Sir Harry Bowens - korvokal
- Alex Brown - korvokal
- Ray Mitchell - korvokal
- Teknisk
- Don Was: produsent
- Ed Cherney: lydteknikar
- Greg Fulginiti: mastering
- Suchi Asano Osterberg - produksjonskoordinering
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brick by Brick» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Deming, Mark. «Brick by Brick – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 8. mai 2018.
- ↑ Evans, Paul (9. august 1990). «Brick by Brick review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. april 2016. Henta 7. april 2016.