Lisa Germano
Lisa Germano (fødd 27. juni 1958) er ein amerikansk songar, låtskrivar og multi-instrumentalist. I tillegg til eigne utgjevingar, har ho medverka på mange utgjevingar av andre artistar.
Lisa Germano | |||
Lisa Germano spelar i desember 2007 | |||
Fødd | 27. juni 1958 (66 år) Mishawaka i Indiana i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mishawaka | ||
Fødenamn | Lisa Ruth Germano | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Alternativ rock, dream pop, folkrock | ||
Instrument | Fiolin, gitar, trekkspel, vokal | ||
Tilknytte artistar | OP8, John Mellencamp, Eels, Yann Tiersen, Iggy Pop, David Bowie | ||
Plateselskap | 4AD/Warner Bros. Records, Capitol Records,-dur Bill Records, Thirsty Ear Recordings, Output Recordings, Young God | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, grafisk kunstnar |
Albumet hennar Geek the Girl (1994) fekk særs god kritikk, og vart mellom anna av magasinet Spin kalla «eit av tiårets album». Ho er gjesteartist på over seksti plater med artistar som John Mellencamp, Simple Minds, David Bowie, Neil Finn, Sheryl Crow, Iggy Pop, Jewel Kilcher og Eels.
Diskografi
endreEigne utgjevingar
- On the Way Down from the Moon Palace (Major Bill, 1991)
- Happiness (Capitol, 1993)
- Happiness (4AD, 1994)
- Geek the Girl (4AD, 1994)
- Excerpts from a Love Circus (4AD, 1996)
- Slide (4AD, 1998)
- Concentrated (Sjølvutgjeven samle-cd, 2002)
- Rare, Unusual or Just Bad Songs (Sjølvutgjeven samle-cd, 2002)
- Lullaby for Liquid Pig (Ineffable/ARTISTdirect, 2003)
- In the Maybe World (Young God, 2006)
- Magic Neighbor (Young God, 2009)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lisa Germano» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2011.