Amerorchis rotundifolia

planteart
Amerorchis rotundifolia


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Amerorchis
Art: A. rotundifolia
Vitskapleg namn
Amerorchis rotundifolia
(Banks ex Pursh) Hultén
Økologi
Utbreiing: Grønland, nordlege Nord-Amerika

Amerorchis rotundifolia er ei plante i planteslekta Amerorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk

endre

Arten er i somme klassifiseringar rekna til slekta Galearis med det vitskaplege namnet Galearis rotundifolia, men er i Artsdatabanken rekna til Amerorchis, som berre har denne eine arten.[2]

Utbreiing

endre

Arten lever lengst nord i Sambandsstatane og i Canada, dessutan på Grønland, der arten er rekna som sårbar (VU).[3] Den danske namnet er rundbladet rhizom-gøgeurt og det grønlandske milalinnguaq.

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar Amerorchis rotundifolia». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre Amerorchis rotundifolia». Artsdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  3. «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 5. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre