Amikam
Amikam (hebraisk skrift עַמִּיקָם) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Zikhron Ya'akov og er kommunesenteret i Alona regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 675.[1] Vest for moshaven ligg Alona park.[2]
Amikam | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Alona | ||
Koordinatar | 32°33′49.31″N 35°1′14.51″E / 32.5636972°N 35.0206972°E | ||
Folketal | 675 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
• Grunnlagd av | [Immigrantar frå Kina] | ||
Tilhøyrsle | Mishkei Herut Beitar | ||
Amikam 32°33′49″N 35°01′15″E / 32.563611111111°N 35.020833333333°E | |||
Kart som viser Amikam.
| |||
Wikimedia Commons: Amikam |
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av jødiske flyktningar frå Harbin, Mandsjuria og Shanghai, Kina, som hadde flykta frå den kinesiske borgarkrigen.[2] Dei fekk seinare selskap av jødar frå konsentrasjonsleirar på Kypros, og seinare jemenittiske jødar. I 1956 slo ei gruppe polske jødiske emigrantar seg ned i moshaven. Somme av familiane dreiv med fruktdyrking, som fersken, plommer, nektarinar og mispel.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amikam» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 426–427. ISBN 965-7184-34-7. (he)
- ↑ Alona region, arkivert frå originalen 23. mars 2020, henta 8. april 2015