Among Us
Among Us er eit online sosialt deduksjonsspel som er utvikla og publisert av det amerikanske selskapet InnerSloth. Det vart utgitt 15. juni 2018. Spelet finn stad i eit verdsrom-miljø der spelarar tar ei av to roller, dei fleste er «mannskap», og ei utvald mengd har rolle som «bedragar». Målet for mannskapet er å finna ut kven som er bedragarane og fjerna dei, og dessutan å fullføra oppgåvene rundt på kartet, og bedragarane skal drepa mannskapa utan å bli oppdaga. Med fleirtal gjennom stemmer kan dei fjerna bedragarane frå spelet. Mannskapet vinn ved enten å fullføra alle oppgåvene sine eller fjerna alle bedragaren frå spelet, medan bedragaren vinn ved enten å drepa ein viss del av mannskapet eller fullføra ein kritisk sabotasje. Spelet er tilgjengeleg for iOS, Android, Microsoft Windows og Nintendo Switch.[1]
Among Us | |||
| |||
Utviklar(ar) | Innersloth | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Innersloth | ||
Distributør | Steam, itch.io, Google Play, App Store, Humble Store, Nintendo Game Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, Epic Games Store, Xbox Game Pass, Limited Run Games, GameStop, PlayStation Store, Xbox Games Store, Amazon.com, Best Buy, Target, Walmart, itch.io, Steam | ||
Produsent(ar) | Kristi Anderson | ||
Design(ar) | Marcus Bromander | ||
Programmerar(ar) | Forest Willard, Adriel Wallick | ||
Kunstnar | Amy Liu, Marcus Bromander | ||
Komponist(ar) | Forest Willard | ||
Basert på | Mafia | ||
Spelmotor | Unity | ||
Siste versjon | 2022.3.29, v2022.3.29 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, Android, iOS, Nintendo Switch, Xbox One, Xbox Series X og Series S, PlayStation 5, PlayStation 4, Chromebook, macOS, Nintendo Switch Lite, Microsoft Windows | ||
Utgjeving | 15. juni 2018, 18. juni 2018, 17. august 2018, 16. november 2018, 15. desember 2020, 14. desember 2021, 14. desember 2021, 18. desember 2020 | ||
Sjanger | selskapsspel, sosialt deduksjonsspill, sci-fi-spill, lettbeint | ||
Spelemodus | fleirspelar, samarbeid, einspelar, lokalt samarbeid | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | https://www.innersloth.com/games/among-us/ |
Spelet fekk lita merksemd i utgivingsåret 2018, men vart meir populært i 2020, mellom anna under koronaviruspandemien, på grunn av mange velkjente Twitch- og YouTube-streamarar. På grunn av den auka populariteten til spelet kunngjorde utviklaren InnerSloth ein oppfølgjar, Among Us 2, i august 2020. Denne utgjevinga vart kansellert i september 2020, då utviklaren valde å heller fokuserer på å forbetra det opphavlege spelet.[2][3]
Among Us er eit fleirspelar-spel som kan spelast av 4-10 spelarar. 1-3 spelarar er valde tilfeldig som Bedragarane (engelsk Impostors), medan resten er Mannskap (Crewmates). Spelarar speler på ein av dei tre karta, enten i romskipet «The Skeld», i hovudkvarteret «Mira HQ», eller på planetbasen «Polus». Målet for mannskapet er å fullføra oppgåvene rundt kartet, som å kopla leidningane, fylla på drivstoff, eller justera navigasjonen. Bedragarane får ei falsk oppgåveliste og prøver å blanda seg inn saman med mannskapet. Dei kan sabotera, gå gjennom ventilasjonar, kjenna sin eigen lagkamerat, og drepa mannskap. Alle spelarar, unntatt spøkelse, har avgrensa synsvinkel, slikt at dei kan berre sjå andre spelarar innan uhindra rekkevidde, sjølv om spelet er spelt med ovanfrå-ned perspektiv.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Among Us» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2020.
- ↑ «InnerSloth's Party Game Among Us Reaches 1.5 Million Simultaneous Players» - TheGamer.
- ↑ Klebo-Espe, Andreas (24. september 2020). «Among Us-oppfølgeren er kansellert». Gamer.no (på norsk). Henta 16. desember 2020.
- ↑ «Sequel to hit game Among Us cancelled». BBC News (på engelsk). 24. september 2020. Henta 16. desember 2020.