Amorittisk
Amorittisk er eit nordvestsemittisk språk som vart talt av dei folkestammane som vart kalla for amorittane i antikken i Midtausten. Språket er kjent utelukkande frå akkadiske skrifter der det opptrer namn som ikkje er akkadiske og som vart skrive ned i den tida amorittane styrte i Babylonia mot slutten av 2000-talet f.Kr. og byrjinga av 1000-talet f.Kr., hovudsakleg frå byen Mari og i ei mindre grad frå Alalakh, Tell Harmal, og Khafajah. Tidvis er slike ikkje-akkadiske namn òg funne i tidlege egyptiske tekster, og eit stadnamn — «Sənīr» (שְׂנִיר) for Hermonfjellet — er kjent frå Bibelen (Femte Mosebok 3:9), og merkeleg nok kan det vera indoeuropeisk i opphavet sitt (moglegvis grunna hettittisk innverknad). Kjende karaktertrekk i språket er:
- Det vanlege nordvestlege semittiske skiljet imperfektiv-perfektiv er funne — det vil seia Yantin-Dagan, «Dagon gjev» (ntn); Raṣa-Dagan, «Dagon var glad» (rṣy). Det inkluderer ei tredjepersonsending -a (i motsetnad til akkadisk eller hebraisk), og ein vokal i imperfektum -a, som i arabisk framfor hebraiske og arameiske -i-.
- Det var ei verbform med ein fordobla andrekonsonant — det vil seia Yabanni-Il, «Gud skapar» (rotord bny).
- I fleire tilfelle der akkadisk har š, har amorittisk, som hebraisk og arabisk, h, såleis hu, 'hans', -haa, 'hennar', kausativ h- eller ʼ- (I. Gelb 1958).
- Førsteperson perfektum er i -ti (eintal), -no (fleirtal), som i kanaanittiske språk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amorittisk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2015.
Litteratur
endre- Cohen, D. (1985): Les langues chamito-semitiques, CNRS: Paris.
- Gelb, I. (1958): «La lingua degli amoriti» i: Academia Nazionale dei Lincei. Rendiconti, no. 8, 13, s. 143–163.
- Huffmon, H. B. (1965): Amorite Personal Names in the Mari Texts. A Structural and Lexical Study, Baltimore.
- Mugnaioni, Remo (2000): «Notes pour servir d’approche à l’amorrite» Travaux 16 – La sémitologie aujourd’hui, Cercle de Linguistique d’Aix-en-Provence, Centre des sciences du langage, Aix-en-Provence, s. 57-65.
- Streck, M. P. (2000): Das amurritische Onomastikon der altbabylonischen Zeit. Bind 1: Die Amurriter, Die onomastische Forschung, Orthographie und Phonologie, Nominalmorphologie. Alter Orient und Altes Testament Band 271/1, Münster.