Ana Fidelia Quirot

Ana Fidelia Quirot Moré (fødd 23. mars 1963) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg på 800 meter, men òg var ein framifrå 400-meterløpar. Quirot vart verdsmeister på 800 m både under VM 1995 og VM 1997. Ho vann elles sølvmedalje i VM 1991, OL-sølv i 1996 og OL-bronse i 1992, alle på 800 meter. I sine personbeste løp på 800 m og 400 m fekk Quirot notert høvesvis 1.54,44 i 1989 og 49,61 sekundar i 1991.

Ana Fidelia Quirot
Statsborgarskap Cuba
Fødd 23. mars 1963 (61 år)
Palma Soriano
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Quirot vart nummer fire på 800 m i friidretts-VM 1987. To år seinare vann ho 800 m under verdscupen 1989 i Barcelona på tida 1.54,44, den fjerde raskaste tida på distansen nokon gong. Einast verdsrekordhaldar Jarmila Kratochvílová, sovjetiske Nadezjda Olizarenko og kenyanske Pamela Jelimo har sprunge fortare.

Ved friidretts-VM 1991 måtte Quirot sjå seg slått med fem hundredels sekund av sovjetiske Lilija Nurutdinova i ein rekordjamn finale. I OL-finalen året etter Quirot måtte eit steg ned på sigerspallen til bronseplass, klart slått av vinnaren Ellen van Langen frå Nederland og Nurutdinova.

I 1993 vart gravide Quirot alvorleg brannskadd då ein oljekokar i heimen eksploderte, og det ufødde barnet døydde. Etter talrike operasjonar byrja ho å trene att. Under verdsmeisterskapen 1995 sigra ho på 800 m med god margin til dei sterkaste finalemotstandarane. I 1996 kom ho på andreplass under Sommar-OL i Atlanta, eit løp som russiske Svetlana Masterkova vann. Sesongen etter avslutta Quirot sine mange år på friidrettsbana med å forsvare VM-tittelen på 800 m då VM i friidrett 1997 fann stad i Aten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre